Mowatt held fram i styret

Harry Mowatt (biletet) trekker seg likevel ikkje frå styret i Helse Førde. Ein telefonsamtale fekk han til å ombestemme seg.
Publisert 10.03.2010 20:55.
- Skriv ut
Harry Mowatt ringde onsdag til styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest for å stadfeste formelt at han trakk seg frå styret i Helse Førde. Men under samtalen kom han på andre tankar. Mowatt nektar for at det var Nilsen som ba han halde fram. I staden viser han til dei mange oppmodingane han har fått om at han ikkje må trekke seg.
- Folk forstår grunngjevinga, men har beklaga utfallet. Både politikarar, tilsette og folk flest har oppmoda meg om å halde fram. Også styreleiaren i Helse Førde har gjentekne gonger kome med same oppmodingane. Difor fann eg ut at det ikkje var vits å gjere seg kostbar, og sa ja, seier Mowatt til NRK Sogn og Fjordane.
Les: Mowatt trekkjer seg frå Helse Førde
Les: - Dei vil fjerne styret og adm.dir
Angrar ikkje
Den markante Ap-leiaren trakk seg frå styret i protest 19. februar fordi han meinte at det lokale styret i Helse Førde vart overstyrt og ikkje hadde handlefridom.
- Eg tolkar statsrådens utsegner under besøket i Førde som eit signal om at ein skal ha respekt for lokale avgjerder, og eg trur den same haldninga no pregar Helse Vest. Det gjer at eg kan gå inn att. Men eg angrar ikkje på den markeringa eg gjorde, seier Mowatt til firda.no.
Nøgd med ministeren
Mowatt er godt nøgd med at helseministeren har gjeve signal om at dei endringane som styret har føreslege ikkje er brot på lovnadene frå regjeringa.
- Vi må få gjennom noko i retning av det som styret har føreslege i strategiplanen. Det er heilt naudsynt for at vi skal kome oss på økonmisk fote og det er heilt nødvendig for at spesialisthelsetenesa i fylket skal kunne tilpasse seg ei ny tid, seier Mowatt til NRK.
Lenker
Helse Førde
- Delte meiningar om nytt HF-namn
- Fekk avlyst operasjon - to gonger
- Nordfjordingar vil bli møringar
- Kring 20 sjukehustilsette i uvissa
- Brukte 11 timar til sjukehus
- Vil ha berre sogningar i styret
- Sjukepleiarar utan arbeidsoppgåver
- Sette punktum for ortopedien i Eid
- Helse Førde kuttar hardt i BUP
- Mowatt gir Sp skulda for raude tal
- Stengjer fødeavdeling til sommaren
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen