11.02.2012

Popgruppe frå fylket gjev seg

Generous Days har bestemt seg for å legge musikken på hylla


Gladpopgruppa frå Sogn og Fjordane gav ut si fyrste EP-plate rett før jul. Men no er det ikkje like kjekt lenger, og Generous Days tek pause.

- Vi tek pause på ubestemt tid, men det betyr vel kanskje slutt for godt, seier vokalist Erik Grov.

Vart årets artist


Tre år etter dei fire medlemmane i Generous Days møttest for fyrste gong og spelte i lag, er det slutt for dei tre sogningane og den eine nordjordingen.

Dei har spelt på Beatles-klubben The Cavern i Liverpool, Los Angeles på Norwegian Wood, og gruppa vart årets artist i NRK Sogn og Fjordane i 2008. Grov avviser at gruppemedlemmane er ueinige om noko som helst, og forklarer brotet slik.

- Det er vel berre det at vi er litt ferdige med dette kapittelet. Det er ikkje like moro som før.

- Fullstendig intetsigande album

Før jul kom gruppa med debutalbumet "These are the Generous days", som fekk både gode og mindre gode kritikkar. Musikkguiden Groove kalla albumet for fullstendig intetsigande, og det gjekk hardt inn på Grov og dei andre i gruppa.

- Vi fekk ein toar til og med, men det er jo ikkje på grunn av den at vi gjer oss.