Hopp til innhold

Vegvesenet: - Køyr forsiktig

Statens vegvesen ber deg vere ekstra forsiktig om å du skal ut å køyre på vegane det neste døgnet. Årsak er store nedbørsmengder og rasfare.

Ras
Foto: Simon Solheim / NRK

- Vi ventar ein del nedbør i kombinasjon med stigande temperaturar, og dermed er det fare for ras på utsette stader. I tillegg kan det rase ned is frå fjellskjeringar, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Margot Åsebø.

- Ta det med ro og køyr etter forholda. Det er og ein del vatn i køyrebana på grunn av høge brøytekantar, oppmodar Åsebø.

Les: Søkkvått døgn i vente

Les: Oppdaterte vegmeldingar

Stengjer på kort varsel

Fleire vegar er alt stengde på grunn av ras eller fare for ras. Blant desse er riksveg 57 mellom Dale og Osen bru ved Nishammaren. Denne vegen vil ikkje verte opna att på onsdag.

Åsebø seier at fleire vegar kan verte stengde på kort varsel. Blant desse er E39 mellom Vadheim og Førde. Også ved Saltkjelen i Bygstad kan riksveg 57 verte stengd på kort varsel. Av andre viktige strekningar nemner ho riksveg 609 mellom Askvoll og Førde og vegen langs Hyestranda i Gloppen. I tillegg er ei rekkje mindre trafikkerte fylkesvegar utsette for ras, og dermed kan verte stengde på kort varsel.

Verst på kysten

Vegvesenet har ekstra mannskap ute på vegane, og på dei mest utsette stadene er det vakthald.

- Rasfaren er størst langs kysten fordi det har kome mest snø her, seier Åsebø.