Trude Bakke blir programleiar

Trude Bakke er ny programleiar på Vestlandsrevyen.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKJournalist Trude Bakke (27) er NRK Sogn og Fjordane sitt nye andlete på Vestlandsrevyen.
Publisert 10.03.2010 12:24. Oppdatert 10.03.2010 13:34.
- Skriv ut
I kveld skal 27-åringen frå Værlandet i Aksvoll ha si første hovudsending som programleiar på Vestlandsrevyen.
– Eg er veldig spent på kvelden, seier ho.
– Ei stor ære
Dei siste dagane har Bakke fått opplæring i Bergen, og i går fekk ho prøve seg som programleiar i 20.55-sendninga.
- SJÅ DEBUTEN: 20.55-sendinga i går

Trude Bakke
Foto: Arne Stubhaug/NRKMen det er først i kveld at det endelege startsskotet går den nye programleiaren. Då skal ho nemleg ha si første hovudsending. Den startar klokka 18.40.
– Det er ei stor ære å få denne moglegheita. Eg er stolt av å vere NRK sitt andlete utad, for eg er stolt av arbeidsplassen min og produkta vi leverer, seier Bakke.
27-åringen starta som sommervikar i NRK Sogn og Fjordane i 2006, og har sidan vore tilsett i redaksjonen. Ho har jobba som journalist og vaktsjef på radio og fjernsyn, og programleiar på radio.
Bakke skal vere vikar for dei faste programleiarane i Bergen. Denne veka skal ho ha alle sendingane.
Likar å presentere nyheiter
– Det er ei ny rolle å vere programleiar på tv. Eg har alltid likt å presentere nyheiter på radio, men det er ei ny utfordring å gjere det på tv, seier Bakke.
Ho fortel at det er mykje å tenke på når ein står framfor kamera.
– Det er mykje som skal klaffe. Det er fleire ting å tenke på enn ein kanskje trur når ein ser på tv sjølv, seier Bakke.
– Sterkare identitet for sjåaren
– Vestlandsrevyen er vår lokale tv-sending. Difor er det viktig at vi også syner att blant programleiarane for å sikre at sjåarane i Sogn og Fjordane føler ein sterk identitet til sendinga, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.
– I tillegg er det jo denne typen oppgåver ei fagleg gulrot for dei tilsette på kontoret, seier Raasholm Fauske.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen