11.02.2012

Snøras stengde E39

Ras E39 (Foto: Trond Langeland)

RAS PÅ E39: Raset kom rett ved tunnelopninga.

Foto: Trond Langeland

Nok eit snøras gjekk i dag. E39 sør for fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland var i føremiddag stengd.

E39 var stengd ved Sandvik tunnel rett over fylkesgrensa på strekninga mellom Romarheim og Oppedal ferjekai.

– Litt skummelt

Arve Søreide kom først til raset, og fortel at snøen har kome frå 30 meter oppe i fjellsida rett utanfor tunnelopninga.

– Det er litt skummel når det går mange ras, så eg ser litt ekstra oppover fjellsida når eg køyrer, seier Søreide.

Stor rasfere

Det kan vere fare for fleire ras langs vegane. Vegvesenet har sendt ut varsel om stor rasfare på E16 mellom Voss og Gudvangen.

Brøytemannskap har no rydda opp på staden, og vegen er open for fri ferdsel.