Stadig fleire norske artistar vel å synge på norsk i stadenfor engelsk.Det viser ei undersøking som Språkrådet har gjort.
Direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim jublar over konklusjonen
– Det er gledeleg at haldninga til bruken av norsk er så positiv.
- HØYR SAKA:
Nordmenn vil ha norsk
Dumdumboys og Olav Stedje er døme på at ein kan gjera stor suksess ved å synga på morsmålet. Dei har i årevis sverga til bruken av norske tekstar.
– Det språket folk i dette landet skjønar best, må jo vera norsk, seier Stedje.
I samarbeid med Synovate og bransjeorganisasjonen Gramart har Språkrådet undersøkt haldningane til å synge på norsk.
Undersøkinga viser også at publikum i større grad enn før etterspør norskspråkleg musikk. Det gjer at artistane følgjer etter.
Lomheim trur dei gjer lurt i å lytte til publikum sine ønskjer.
– Norske artistar har forstått at dersom dei vil tene pengar på musikken sin, er sannsynet for det større ved bruk av norsk enn ved bruk av engelsk.
– Må halde oss til engelsk
Men framleis er det engelsk som tel for dei fleste norske artistar. Berre 18 prosent held seg utelukkande til norsk.
The Pink Robots frå Selje blei nettopp kåra til årets urørt av NRK P3.
Utanlandske bransjefolk har vist interesse for gruppa, og skal nordfjordingane verte store i utlandet, er det engelsk som tel.
– Det er veldig fint å høyre artistar som syng på norsk, men me er nødt til å halde oss til engelsk om me skal nå ut internasjonalt i den sjangeren me tilhøyrer, seier vokalist i gruppa, Hans Christian Helgesen.
– Nakent på norsk
Helgesen i Pink Robots tykkjer dessutan at det er vanskelegare å skrive på norsk.
– Orda blir så mykje meir nakne når ein skriv tekstane på norsk. Dei må veljast med omhu, visst ikkje kan det fort høyrast dumt ut, seier vokalisten.
Som eit døme nemner han namnet på bandet han spelar i.
– "Dei rosa robotane" høyres jo ikkje særleg kult ut.
Vil ha Urørt-vinnar på norsk
Lomheim i Språkrådet ser gjerne at også the Pink Robots går over til norsk
– Ein artist med von og ambisjon om å slå gjennom internasjonalt, må først slå gjennom nasjonalt. Då er det viktig å bruka norsk, seier direktøren.