Flaks at ikkje hus blei råka

Steinen er drygt to meter høg og nærare fire meter brei
Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRKTo familiar hadde flaksen på si side tysdag kveld, då ei kjempesvær steinblokk rulla mellom husa deira på Kløvi i Leikanger.
Publisert 09.03.2010 20:29. Oppdatert 10.03.2010 06:55.
- Skriv ut
– Det buldra noko frykteleg i heile huset, fortel Ove Wathne til NRK Sogn og Fjordane.

Dette gjerdet viser kvar steinen kom
Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRKHan bur i det eine huset som nesten vart treft. Wathne er ikkje i tvil om at dei tre i familien hans har vore utruleg heldige.
– Det var heilt tilfeldig at steinblokka ikkje traff nokon av husa. Avstanden mellom husa er liten, fortel han. I det andre huset bur det ein person.
Dundra i vegen
Wathne fortalde til NRK i 22-tida i går kveld at han ikkje veit om dei må evakuere.
– Vi veit ingen ting om kva som skjer før geolog kjem ned frå fjellsida. Dei er der no, fortel han.
Den ville ferda til steinblokka stoppa på riksveg 55, der den no sperrar vegen. Ifølgje sognavis.no har blokka øydelagt vassforsyninga i nabolaget, i tillegg til at det eine huset fekk avrive straumleidninga og såleis er mørklagt.
Blokka gjorde elles ikkje skade på folk, bilar eller hus. Bebuarane i området forlet husa sine og samla seg i trygg avstand. Politiet er og på staden.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Steinblokka har sett tydelege spor etter seg i villahagen på Kløvi.
Foto: Bjørn Harald RøysethVar vitne
Reidun Sterri Fjell var vitne til dramaet. Ho såg når den store steinen dundra mellom dei to husa.
– Berre råflaks gjorde at ingen hus vart trefte steinen. Eg såg den svære steinen komme. Eg vart fullstendig utlada etterpå. Det var heilt uverkeleg, seier Sterri Fjell.
– Vi skal vere sjeleglad for at det ikkje gjekk liv med, seier ho.
Treng ikkje evakuere
Lensmann i Sogndal Norvald Ylvisåker opplyser til NRK kl.22.15 tysdag at dei i samband med geologen har vurdert rasfaren og avkreftar behovet for å evakuere.
– Dette er snakk om ein einskild stein som truleg låg litt halvhjerta til på eit svaberg der oppe i fjellsida, fortel lensmannen.
I 22-tida same kveld blei vegen opna igjen, men steinen blir ikkje flytta med det første.
– Det er ein busslomme på staden, så det er god plass for bilar å komme forbi. Sånt sett var det litt hell i uhell at den landa akkurat her, seier Ylvisåker.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

To bustadhus vart nesten trefte av den store steinblokka, som til slutt stoppa på riksvegen.
Foto: Bjørn Harald RøysethGeologen følgde spora
– Geologen følgde spora etter steinen med lommelykt. Han har konkludert med at det ikkje er rasfare og at området er heilt trygt, seier seksjonssjef i Statens vegvesen, Eivind Yttri, til NRK.
Kløvi ligg heilt aust i Leikanger og ifølgje lokalkjende er det ni bustadhus i området.
Steinblokka rulla mellom dei to husa litt før klokka 20 tysdag kveld.
Lenker
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen