Berre eitt sentralsjukehus i fylket
Eitt sentralsjukehus i Førde og ingen lokalsjukehus i Sogn og Fjordane.
Publisert 05.03.2010 11:26.
- Skriv ut
- LES OGSÅ: Fødetilbodet vert kutta
- LES OGSÅ: Vil leggje ned lokalsjukehusa
Dette er ein av modellane styret i Helse Førdeno legg ut til høyring.
Det tredje forslaget er å ha tre likeverdige lokalsjukehus i fylket, ingen sentralsjukehus.
Må reise langt
- Det siste forslaget vil bety at pasientane må reise langt for å få hjelp. Tilbodet blir dårlegare i Sogn og Fjordane. Fagmiljøa blir bygde ned, det blir dårlegare pasientopplevd kvalitet fordi mange må reise langt for å få hjelp, og det vil gi eit negativt driftsresultat på 10 millionar kroner, sa nestleiar Jorunn Ringstad.
Også forslaget om berre eitt sentralsjukehus, ingen lokalsjukehus har klare svakheiter og Clara Øberg sa at styringsgruppa får inn for modell ein med eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter i Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ: Sterker reaksjonar på kuttforslag
- LES OGSÅ: Kritisk Selje-ordførar
Lengre frist
-Vi meiner denne modellen kan gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsdøme i samhandlingsreforma. Vi må inngå eit forpliktande samarbeid med kommunane for å få dette til, sa styreleiar Øberg.
Både ho og Jorunn Ringstad la ikkje skjul på kva dei meinte var den beste løysinga, samtidig som dei la til at alle modellane no skal ut til høyring og diskusjon.
Styret i Helse Førde skal vedta strategiplanen 27. mai, og det betyr at høyringa no er utsett ei tid.
NRK Sogn og Fjordane følgjer møtet fortløpande på nett, og du kan høyre frå møtet både i føremiddagssendinga klokka 11.03 og i ettermiddagssendinga klokka 16.03 på radio. Sjå også Vestlandsrevyen i kveld.
Les
Helse Førde
- Delte meiningar om nytt HF-namn
- Fekk avlyst operasjon - to gonger
- Nordfjordingar vil bli møringar
- Kring 20 sjukehustilsette i uvissa
- Brukte 11 timar til sjukehus
- Vil ha berre sogningar i styret
- Sjukepleiarar utan arbeidsoppgåver
- Sette punktum for ortopedien i Eid
- Helse Førde kuttar hardt i BUP
- Mowatt gir Sp skulda for raude tal
- Stengjer fødeavdeling til sommaren
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum