Hopp til innhold

Vi diggar dialekten vår

Berre 1,7 prosent er misfornøgde med ord som «eg» og «ikkje».

Ja til nynorsk

Folk frå Vestlandet er godt fornøgde med å ha den dialekten dei har ifølgje ei ny undersøkjing.

Foto: Scanpix / SCANPIX

For 61,5 prosent av dei spurte på vetslandet svarar at dei er svært tilfreds med å den dialekten dei har.

Viktig for mange

Det kjem fram i ei landsomfattande undersøkjing Infact har gjort for PurDialekt.

- Dialekta har ei sterk stilling i forhold til andre land, seier leiar for Ivar Aasen-instituttet Odd Monssen til nernett.no .

- Dialekt handlar om status

Undersøkjinga viser at åtte av ti nordmenn er godt nøgde med å ha den dialekten dei har.

Monssen trur at årsaka til at så mange på vestlandet er nøgde med å snakke slik dei snakkar handlar mellom anna om status.

- Noko av årsaka til at dialekten heng høgt på Vestlandet er at dialekta har hatt høg status i tillegg til å vere grunnlaget for eit skriftspråk.