11.02.2012

Tek skulda for at gullet glapp

Odd-Bjørn Hjelmeset (Foto: Lise Åserud/Scanpix)

Odd-Bjørn Hjelmeset tok til tårene etter etappen sin i den olympiske 4x10 kilometer langrenn.

Foto: Lise Åserud/Scanpix

Odd-Bjørn Hjelmeset tok til tårene etter at han gjekk Norge ut av gullkampen på OL-stafetten.

Glopparen bomma på skivalet og gjekk det aller meste av etappen med is under skia. Han tapte over eit halvt minutt til tetlaga og måtte for første gang i si karriere ta til tårene etter eit skirenn.

- Akkurat no har eg øydelagt gullet for desse gutane her. Og det er veldig surt, seier han til NRK.

- Hadde ikkje dagen

Landslagstrenar Morten Aa Djupvik vedgår at sølvmedaljen ikkje var etter planen. Og han forstår at Hjelmeset er skuffa etter den svake etappen. Å hente inn nær 40 sekund på ein svensk Marcus Hellner i storform, vart vart for mykje. Sjølv for Petter Northug jr.

- Odd-Bjørn er veldig skuffa og meiner sjølvsagt at han er syndebukken. Men han hadde ikkje heilt dagen og hadde ikkje heilt optimale ski. Det går fort på den andre etappen og Johan Olsson er i storform og når utstyret og kroppen ikkje er der det skal vere, så blir det tungt og han må diverre gje litt for mange sekund. Det var leitt. Skal vi vinne stafetten må vi ha fire mann som har heilt optimale løp, seier han.

- Sølv med bismak

NRK snakka med landslagstrenaren like etter at dei hadde fått hand om dei olympiske sølvmedaljene. Nokre timar etter at Northug gjekk i mål, var han likevel nøgd med at det vart medalje.

- Det er likevel med ein liten bismak. Når det er herrestafett så skal vi vere med å kjempe om gull, og aller helst stå på toppen av sigerspallen. Det gjekk ikkje i dag, og vi vart slått av eit svenskt lag som var betre enn oss. Og eit sølv i OL er ikkje noko nederlag, seier Aa Djupvik.

- Ikkje nøgde

Aa Djupvik vedgår at han han ikkje er nøgd med OL så langt. Etter ein trå start med skikluss på 15 kilometer skøyting

- Nei, vi er ikkje nøgde. Vi har hatt mykje stang ut i meisterskapen. Det er sjølvsagt med å prege stemninga. Vi fekk opptur med gull på teamsprinten og hadde store forventingar med å følgje opp med gull på stafetten. Men det blir veldig spennande med femmila, sjølv om vi veit at vi får kamp heilt til siste slutt, seier han.

- Hatt tunge dagar

Motgangen i OL har vore tung å takle for deltakarane. Det har også lagt ein dempar på stemninga. Med skikluss på 15 km skøyting og stavbrot på jaktstarten vart det to raske slag "i trynet".

- Det var tøft å takle. Det har vore tunge dagar inn i mellom. I samarbeid har vi prøvd å løfte dette vidare og snu trenden. Det føler eg vi har klart. Vi har prata mykje saman, hatt det moro og gjort andre ting enn å tenke langrenn. Det trur eg har vore nøkkelen for å snu trenden vi var komen inn i, seier Aa Djupvik.