26.05.2012

Svak etappe av Hjelmeset

Odd-Bjørn Hjelmeset (Foto: Javier Soriano/Scanpix)

Odd-Bjørn Hjelmeset under 4x10 kilometer-stafetten i Vancouver-OL.

Foto: Javier Soriano/Scanpix

Ingen god stafettetappe av Odd-Bjørn Hjelmeset. Men Noreg tok sølv.

- Eg fekk is i skia, og hadde rubba for hardt. Lengst oppe er det litt mildare, og då fekk eg is som ikkje ville sleppa. Så eg hadde det tøft i to og ein halv runde, seier Hjelmeset.

- Hadde gått fortare med andre ski

Hjelmeset vart sendt ut av Martin Johnsrud Sundby, 4 sekundar bak Franrike, som leia etter fyrste etappe. Hjelmeset sendte Lars Berger ut drygt halvminuttet etter Sverige og Johan Olsson, som tok teten i løpet av etappa. Hjelmeset vurderte lenge kva smørning han skulle velgja, og valde i siste liten rubb.

- Det kom snø, så da valde eg rubb. Kva som var rett eller feil er jo vanskeleg å seia. Men når det kom is, vart det feil slik sett. Det var mitt val, seier Hjelmeset.

- Hadde du gått fortare med andre ski?

- Ja, eg hadde nok det, for det gjekk ikkje så fort. Når du spring utom løypa, vert det tungt.

- Det var ein liten disputt mellom deg og Johan Olsson?

- Eg trakka på skia hans, så han har lov å vera sint.

Takka vere ei fantastisk etappe av Petter Northug jr., fekk Noreg sølv, 15 sekundar bak Sverige.