Forsvaret skifta meining om ubåt

Det herskar stor uvisse kring den store ubåtjakta i 1972.
Foto: NRKMed månadars mellomrom skifta Forsvaret meining om den dramatiske ubåtjakta i Sognefjorden i 1972.
Publisert 20.02.2010 16:45.
- Skriv ut
Forsvarsministeren fekk først vite at det hadde vore ein ubåt inne i Sognefjorden, men berre månadar seinare fekk den nye regjeringa stikk motsett informasjon, skriv Bergens Tidende.
- Fare for rikets tryggleik
Dette er saka
Foto: NRK- November 1972 vende heile verda augo mot Norge og Sognefjorden etter fleire observasjonar av ein ubåt.
- Dei første observasjonane vart gjort 12. november kring klokka 14.30 på Vangsnes i Vik.
- Etterkvart kom fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og tre helikopter til for å delta i leitinga.
- Det vart leitt i 16 dagar.
- Hotella i Sogndal og Leikanger vart fylde med journalistar frå store delar av verda.
- Kva som eigentleg skjedde har aldri blitt stadfesta, men nedgraderte dokument stadfestar at det var ein ubåt i Sognefjorden i november 1972.
- Om den var sovjetisk eller alliert har aldri blitt stadfesta.
Det herskar framleis stor uvisse kring kva som skjedde i ein av verdas lengste fjordar desse novemberdagane i 1972. Fleire dokument er nedgraderte, men Forsvaret held framleis dokument frå ubåtsaka hemmelege. Dette fordi den nasjonale tryggleiken kan bli skadd dersom dokumenta blir offentlege.
- Det er framleis forhold i saka som kan skade rikets tryggleik. Vurderingane av gradering tek ikkje omsyn til årstal, men til innhald, seier pressetalsmann for forsvarsstaben, Christian Øverli til NRK.
Gav ny informasjon
Bergens Tidende skriv laurdag at to statsårdar fekk høgst ulik informasjon med berre månadars mellomrom. Dåverande forsvarsminister Johan Kleppe (V) vart orientert om den framande ubåten, men Alv Jakob Fostervoll (Ap) fekk heilt andre opplysningar då han tok over ministerposten få månadar seinare.
- Eg vart orientert om at det mest truleg ikkje hadde vore ein ubåt. Vi hadde ikkje sikre spor, seier han til avisa.
Galleri
Ubåtjakt i Sognefjorden
- Ubåt kan ha hatt hjelparar på land
- Sladda viktig informasjon om ubåt
- Full strid om ubåtjakta
- Ubåten var i Lustrafjorden
- Frigjeving av ubåtdokument dreg ut
- Vil ikkje laga ubåtrapport
- Folket krev ubåtsvar no
- Jobbar for å få ut ubåtdokumenta
- Amerikanske ubåtar i Sognefjorden
- - Fare for rikets tryggleik
- – Vi følgde ubåten utover fjorden
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten

Ubåtjakt i Sognefjorden
















Brann i Vassbygdtunnelen