Hopp til innhold

Røyst på Fylkestoppen

Vi har no opna for å røyste på melodiane som kan vinne fylkestoppen i februar.

Synnøve Bjørset
Foto: Vegard Fimland

Du kan gi ei røyst kvart døgn. Frist er torsdag 25.februar kl 10. Når vi sender Fylkestoppen same torsdag mellom kl 11 og 12 kan du gi di røyst på SMS.
Røystinga er no avslutta. Høyr Fylkestoppen kl 11-13.

Oceans Between - Håvard Lothe

Håvard Lothe
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Florøartisten gjorde reint bord i fjorårets lokale musikk-kåringar. Florøartisten vann Luttprisen 2009. Fekk årets fylkestopp med låten Oceans Between og vann den første ordinære fylkestoppen i 2010. Songen "Oceans between" er henta frå den nye plata Dorian Grey som kom ut i september. Platemeldar i NRK P1, Atle Bredal gav seks av ti moglege poeng til plata.
Oceans between - Håvard Lohte

Blå natt - Karin Haugen og Helge Bjorøy

Cover Blå Natt av Karin Haugen og Helge Bjorøy
Foto: Coverfoto

Karin Haugen og Helge Bjorøy gjorde furore på fylkestoppen i 2008 med visa om Sommarkveld ved Skjerjehamn, som også vart årets fylkestopp det året. I slutten av november 2009 gav dei ut si første langspelplate, Blå Natt. Plata er ei blanding av eige-skriven musikk, plussa på med nokre storslagarar frå farna tider. Gulenduoen havna på andre plass i sin første runde med låta "Blå Natt" i januar.
Blå Natt - Karin Haugen og Helge Bjorøy

Fjordhigsten - Frøholm/Tillung

Frøholm/Tillung
Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Folkemusikaren Britt Pernille Frøholm frå Hornindal er ute med ny plate i lag med trekkspelaren Irene Tillung. I 2008 hadde Frøholm svært god utteljing på Fylkestoppen med musikk frå debutplata " For Allje Dei". I januar kom ho rett inn på tredje plass på fylkests eiga musikkliste med musikk frå plata "Eins" som kom ut i november. Det er slåtten Fjordhingsten som deltek pål Fylkestoppen for andre gong.
Fjordhingsten - Britt Pernille Frøholm

Den gløymde steinen - Tonereise

Tonereise
Foto: Simon F. Solheim / NRK

Gruppa frå Luster havna på fjerdeplass på Fylkestoppen i januar med " Den Gløymde Steinen". Visa er frå langspelplata "Lekmann" som kom ut i oktober 2009. Tonereise debuterte i 2007 med langspelplata Arven, og er kjent for å blande tradisjonsmusikk med meir moderende tonar. Den nye plata har teke Tonereise eit steg vidare i den musikalske reisa, seier vokalist og gitarist Erling Vigdal.
Den gløymde steinen - Tonereise

Hvit eller sort - Jan Grønborg Knudsen

Jan Grønborg Knudsen
Foto: Pressefoto.

Første utfordrar til fylkestoppen i februar har lang fartstid som fulltidsmusikar i dansk danseband. Etter ti år i sjølvspålagd karantene som musikar er han no på bana igjen. I februar prøvar jølstringen Jan Grønborg Knudsen seg på Fylkestoppen med sin eigen song "Hvit eller Sort."
Hvit eller sort - Jan Grønborg Knudsen

Yiiihaaa! - Synnøve Bjørset

Synnøve Bjørset
Foto: Vegard Fimland

Synnøve Bjørset og Majorstuen er ute med si fjerde langspelplate, Skir. No prøvar folkemusikaren frå Jølster seg på fylkestoppen med slåtten "Yiiihaaa!" Frå plata som har fått ei drøss med femmararar på terningskasta frå musikkmeldarar landet rundet. Synnøve Bjørset er også nominert til ein spelemannspris i klassen folkemusikk.
Yiiihaaa! - Synnøve S. Bjørset

Min ven - Eagles på Norsk

Eagles på sogning
Foto: Pressefoto.

Til Målrock i Årdal 2009 vart det sett saman ei rekkje musikarar som saman framførte låtar frå Eagles på sognedialekt. Prosjektet vart starta av tidlegare Lavabassist Kjell Hestetun og Øyvind Lægreid i 2008. Tilbakemeldingane etter Målrock var overveldande, og no vert det vurdert turne og plate for prosjektet. På fylkestoppen er det låta desperado som prøver seg. På norsk heiter den "Min ven" og vert framført på sognedialekt av solist Monica R. Hjelle.
Min Ven - Monica R. Hjelle