Hopp til innhold

Nødseth støttar Firda-redaktør

Jacob Nødseth (H) forsvarar redaktør Jan Atle Stang i Firda, etter at han blanda seg inn på årsmøtet til Flora Ap.

Jacob Nødseth

- Det er ein fordel å vite kva politiske referansar Jan Atle Stang har når ein les leiarane hans, meiner høgrepolitikar Jacob Nødseth.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Stang fekk krass kritikk frå fleire hald etter at han før helga fremja eit benkeforslag om ny nestleiar i lokallaget.

- Det er greitt å vite kvar ein har journalistar og redaktørar. For dei har ei enormt stor makt til å påverke kvar den politiske debatten går. Då er det greitt å vere open om kvar ein står politisk, seier Nødseth.

- Naivt

Redaktøren har i ettertid vedgått at det ikkje var klokt å blande seg inn i styrevalet . Nødseth meiner det er positivt at lesarane til Firda får kjennskap til kva parti politiske referansar redaktøren har. Høgrepolitikaren trur ikkje at Stang er åleine.

jan Atle Stang

Jan Atle Stang, redaktør i avisa Firda, får støtte frå høgrepolitikar Jacob Nødseth etter at han greip inn i årsmøtet til Flora Ap.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Eg meiner det vil vere naivt å tru at ikkje alle redaktørar kring om ikkje har politiske referansar som pregar innhaldet i deira leiarar, som av mange blir sett på som eit objektivt faktum, seier han.

Tek avstand

Nødseth er likevel samd i at det går eit skilje mellom å vere partimedlem, og å gå aktivt inn i politikken. Han legg til at han sjølv ikkje ville handla slik dersom han var redaktør.

Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten har tysdag ein leiar der han tek avstand frå handlinga til Stang.

- Det går ei grense

Også Vee har vore open om sine politiske preferansar då han melde seg inn i ei Facebook-gruppe som støtta opp om Ap-politikarane Ingrid Heggø og Tor Bremer .

- Grensa går ved å gripe inn i partipolitikken. Ein kvar redaktør er underlagt redaktørplakaten og vær varsom plakaten. Begge stadar står det klart og tydeleg at ein skal unngå å hamne i interessekonflikter og unngå å komme i dobbeltrolle som svekkjer truverde, seier han og vil at lokalavisa skal vere ein open og objektiv debattarena.