Hopp til innhold

– Ikkje klokt av meg

Firda-redaktør Jan Atle Stang legg seg flat for politisk innblanding, men ikkje så flat at han vil gå som redaktør.

Jan Atle Stang, redaktør i Firda.

LEGG SEG FLAT: Jan Atle Stang, sjefredaktør i Firda, legg seg flat.

Foto: NRK

– Det er ikkje det klokaste eg har gjort. Eg var for engasjert, men det var ikkje ei klok avgjersele eg gjorde, og eg skulle ikkje ha deltatt aktivt på årsmøtet, seier Stang.

På årsmøtet i Flora Arbeiderparti torsdag kveld skapte sjefredaktør i Firda Media AS rabalder då han fremja benkeforslag på nestleiar, men vart nedstemd. Partimedlemmer var både sjokkerte og provoserte over at redaktøren blanda seg inn.

Tidlegare styreformann i FpU, Erlend Bøe meiner Stang berre har to val; Anten bli politikar eller vere partipolitisk uavhengig redaktør.

– Dersom han ikkje klarar å halde seg partipolitisk uavhengig har han ingenting i Firda å gjøre, og no meinar vi han har gått langt over streken, seier Bøe.

– Eg reagerer veldig sterkt

Erlend Bøe reagerer kraftig på oppførselen til redaktøren i fylkets største avis.

– Eg meiner Jan Atle Stang må vurdere si stilling som redaktør. Eg reagerer veldig sterkt på det som han har gjort. Når ein redaktør går inn i ein nominasjonsprosess i eit lokalparti gjør han seg sjølv til ein politikar, seier Bøe.

– Men er det ikkje greit at lesarane får vite kor han står?

– Jan Atle Stang skal få lov til å delta i samfunnslivet, men på den måten han har gjort det på, blir det feil, svarar Bøe.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sjølv om Stang legg seg flat, blir han provosert over måten Erlend Bøe frontar saka.

– Det er ikkje Framstegspartiet og Erlend Bøe som avgjer kven som skal vere redaktør i Firda og kor lenge redaktøren skal sitte. Hadde eg stått fram på eit møte i Framstegspartiet hadde saka stilt seg annleis for Erlend Bøe. Eg er tilsett av eit styre, og det er styret som må ta ei avgjersle på det, seier Stang.

Får kritikk frå klubbleiar

– Det står på side to i Firda at avisa er ei partipolitisk uavhengig avis, og då blir feil at han skal stå fram som Arbeiderparti-politikar, seier Bøe.

Også generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund meiner innblandinga på Ap-årsmøtet var ein uheldig manøver av Stang. Men det er han ikkje aleine om. For klubbleiar Svein Heggheim i Firda er heller ikkje veldig begeistra over oppførselen til Stang.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Redaksjonen i Firda

BLIR FEIL: Klubbleiar Svein Heggheim i Firda (i midten) meiner det er feil av Stang å stå fram som han gjorde.

Foto: Bent Are Iversen, Firda Media

– Det er ikkje bra for Firda. Når ein redaktør engasjerer seg aktivt i eit politisk organ meiner eg det går utover intregriteten. Det er spesielt uheldig at han opptrer i eit møte i eit lokalpolitisk organ når ein er i ei partipolitisk uavhengig avis, seier Heggheim.