Hopp til innhold

27.000 på festival

Trass grått ver, valde mange å delta på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i helga. Sjå bilete frå festivalen her.

Dulsori
Foto: Ronny Brede Aase / NRK

Den 17. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival gjekk av stabelen frå torsdag til søndag.

Etter at arrangørane hadde telt antal personar på arrangementa, inkludert gatespela, konkluderte dei med at festivalen hadde hatt 27.000 besøkande.

Kor mange billettar som er seld, og om festivalen går i pluss er endå ikkje klart.

 - Eg torer ikkje seie kor vidt dette går bra økonomisk endå. Men, vi veit at vi har seld fleire billettar en i fjor, seier Festivaldirektør Hilde Bjørkum.

I fjor gjekk festivalen med ein halv million i minus, grunna lågt billettsal.

Sjå bilete frå festivalen til venstre. 

Straustrinda
Foto: Ronny Brede Aase / NRK