- Vi fryktar at det vil skje ei dødsulukke her, seier styreleiar i West dykkarservice Per Kåre Navekvien.
- Respekterer ikkje dykkarane
Fredag føremiddag kom det ein båt som skulle leggje til kai i Måløy. Medan båten kom inn til kaia, var den på veg mot ein dykkar som arbeidde i vatnet.
- Vi held på å reparere ei kai, og har to dykkarar i vatnet heile tida. For at desse skal vere trygge i vatnet har vi tre store, kvite og blå dykkarflagg opp slik at alle skal kunne sjå det. I tillegg er det lanterneføring for undervassarbeid, seier han.
- Pressar seg fram til kaia
I tillegg er det lagt ut melding på AIS, eit system som alle fiskebåtar skal ha.
- Folk respekterer ikkje dykkarflagga eller AIS. Dei kjem med båtane sine og pressar seg fram, fortel Navekvien.
Han seier dei har brukt mykje tid på å jage vekk båtane, men at dette ikkje held i lengda.
Nestenulukker kvar dag
- Vi kan ikkje risikere at nokon av dykkarane vert skadde eller døyr på arbeid. Vi kan få ein båt som køyrer i hjel ein dykkar.
- Har det vore alvorlege nestenulukker?
- Ja, fleire. Det kjem båtar kvar dag. I dag var det ein som kom nesten over dykkaren. Vi klarte å gje beskjed om det, og det gjekk bra, seier Navekvien.
Sperrar kaia
Han seier dykkarane ikkje synest det er noko kjekt å arbeide når båtane ikkje respekterer flagga.
- Ein bør ikkje få styre ein båt om ein ikkje kjenner att eit dykkarflagg, seier han.
No vil selskapet leggje ut bøye dei neste tre vekene for å sprerre heile kaia meddan arbeidet pågår.