Hopp til innhold

Bollar, roser eller kaffi på senga?

Søndag er det fastelavn, morsdag og valentinsdag på ein og same dag. Me har spurt kva kjendisane skal feire.

Rosebukett

Det er ikkje kvart år du har tre så gode grunnar til å feire på ein søndag.

Foto: Illustrasjon

Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal, vêrdame TV 2

Foto: TV 2
Simen Staalnacke

Simen Staalnacke, Moods of Norway-gründer

Foto: Sandra Mei Ling Noer / NRK
Olav Stedje

Olav Stedje, artist

Foto: Promo

Mor får merksemd, men kjærasten er ikkje like høgt prioritert. I alle fall viss me skal tru kjendisane frå Sogn og Fjordane.

Feirar morsdag

– Det må bli morsdagen, seier Eli Kari Gjengedal på spørsmål om kva ho skal feire på søndag.

Ho fortel at morsdagen vart feira med kaffi på senga og presangar då ho var liten. No har ho sjølv blitt mor og har tatt vare på tradisjonen med å markere denne dagen.

– Det er kjekt å gjere stas på mor, og så er det kjekt å få litt ekstra merksemd, seier Eli Kari.

Fastelavnsbollar er ho derimot litt meir usikker på om det blir:

– Me jobbar fortsatt med å bli kvitt juleflesket her i familien, så eg skal prøve å unngå dei største freistingane. Men det vil no vise seg om det går!

To fluger i ein smekk

– Eg har tenkt å slå to fluger i ein smekk denne helga. Det vert blomar både til mamma og kjærasten, seier Simen Staalnacke.

Han tykkjer det er koseleg at kjærleiken har sin eigen dag, men morsdagen er kanskje endå viktigare å hugse på.

– Me har alltid feira både morsdag og farsdag heime hjå oss. Då starta dagen med kaffi på senga, fortel Simen.

Han legg til at det er viktig å ikkje gløyme folk ein er glad i dei 364 andre dagane i året også.

– Det er jo fullt mogleg å gjere stas på både mor og kjærast sjølv om det ikkje er ein eigen dag for det!

Viktig å markere

– Eg er såpass tradisjonell at blir nok heller morsdag enn valentinsdag eg kjem til å feire på søndag, seier Olav Stedje.

Han fortel at morsdagen alltid har vore ein viktig merkedag i familien.

Han har ingen konkrete planar for korleis dagen skal feirast. Men at det er viktig med ei markering, er det ingen tvil om.

– Eg tykkjer alle mødre fortener ein slik dag. Det er viktig å gjere stas på dei ein har nærast rundt seg, seier Stedje.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.