Sendt heim til søppelhaug

I fleire år har den sjuke mannen ikkje hatt krefter til å halde huset i orden. Han har heller ikkje bede kommune om hjelp. - Eg har alltid klart meg sjølv og har aldri vore til byrde for nokon, seier han.
Foto: PrivatSambygdingen slo alarm då den alvorleg sjuke mannen bad om hjelp til å "rydde litt" før han kom heim frå sjukehus.
Publisert 09.02.2010 10:31. Oppdatert 09.02.2010 13:34.
- Skriv ut
Kvinna vart sjokkert over synet som møtte henne i det ulåste huset i ein kommune i Nordfjord. Vatnet var frose og heile huset var fullt av gamalt, stinkande bos, skriv Bergens Tidende.
- Det viste seg snart at det var ei umogleg oppgåve å gå laus på. Difor tok eg med det same kontakt med sentralsjukehuset i Førde og ba om at dei måtte la han få bli på sjukehuset i det minste til over helga, fortel kvinna til avisa.
Ikkje teken på alvor
Kvinna opplevde at sjukehuset ikkje tok problemet på alvor eller skjønte kva ho snakka om. Dagen etter vart mannen sendt heim med buss. Kvinna vil no ha fylkeslegen si vurdering om mannen fekk forsvarleg behandling.
- LES OGSÅ: - Feil å skulde på sjukehuset
Mannen, som lir av ulike medisinske plager og mellom anna får behandling for ein krefsjukdom, har budd åleine i mange år. Han har ikkje bede kommunehelsetenesta om hjelp og dei har heller ikkje hatt grunnlag for å gripe inn mot hans vilje.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Sambygdingen går til fylkeslegen etter å ha blitt møtt av eit slikt syn.
Foto: Privat- Ikkje vårt ansvar
Overlege Finn Johan Halvorsen ved Sentralsjukehuset seier at det ikkje er sjukehuset sitt ansvar å finne ut korleis folk har det heime.
- Om han har mykje skrot i heimen, angår ikkje det den medisinske behandlinga. Han var innlagt på sjukehuset i eitt døgn, vart utskriven på vanleg måte, og hadde ikkje noko imot å reise heim, seier Halvorsen til avisa og meiner saka er uproblematisk for sjukehuset.
- Ser på saka
Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar, seier han fekk kjennskap til saka måndag. Han vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt, sidan han førebels ikkje har fått uttale frå både sjukehus og kommunen.
Øgar legg til at dette er ei sak dei vil sjå på og seier at det ikkje er første gang dei har fått problemstilling knytt opp mot utskriving av pasientar.
- Eg treng hjelp
Mannen fortel sjølv til avisa at han dei siste åra ikkje har hatt krefter til å halde orden eller å ta seg av praktiske ting i huset. No innser at han at han treng hjelp.
Fagsjef Anne-Grethe Skjerve i Rådet for psykisk helse seier at kommunane har lov til å gå inn med tvang dersom liv og helse er i fare.
Tvang siste utveg
Mykje kan likevel gjerast før det har kome så langt.
- Mange slike saker er blitt løyst med småprat og ufarleg menneskeleg kontakt. Å gå inn med tvang for tidleg er som oftast ein svært dårleg metode i desse sakene. Det kan øydeleggje tilliten til hjelpeapparatet for lang tid framover. Tvangsmidlar må vere absolutt siste utveg, seier ho til avisa.

Sambygdingen vart møtt av haugevis med tom matemballasje, mugla matrestar, dungar med aviser, gjengrodd vask og badekar, frose vatn og ein grusom stank.
Foto: PrivatSiste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen