Dei velsignar lesbiske og homofile

Sokneprestane Mari Saltkjel, Egon Askvik og Helene Langeland på lista til Åpen Kirkegruppe for homofile og lesbiske.
Foto: FotomontasjeFire prestar i Bjørgvin Bispedøme er viljuge til å velsigne og gå i forbøn for homofile og lesbiske par.
Publisert 09.02.2010 09:42.
- Skriv ut
Det viser ei rundspørjing Åpen Kirkegruppe for homofile og lesbiske har gjort mellom prestar i heile landet, skriv avisa Vårt Land.

Helene Langeland, sokneprest i Lærdal.
Foto: porten.no- Eg ser føre meg den enkle situasjonen der eit par som har gått inn lovleg ekteskap i Norge, kjem til kyrkja og spør om dei kan bli bedne for eller velsigna som par, og få ei velsigning over deira liv. Sjølvsagt gjer eg det, seier ein av sokneprestane, Helene Langeland i Lærdal.
- Heilt naturleg
Langeland er ein av tre i Sogn og Fjordane som har sagt at dei vil halde kyrkjeleg forbøn og velsigning for homofile og lesbiske som har inngått borgarleg ekteskap. For henne er det ingen skilnad på å be for og lyse velsigning over ein gudstenesteforsamling og eit par av same kjønn.
Her kan homofile få velsigning i Bjørgvin
Fyllingsdalen, Bergen
- Kapellan Trond Egil Moe
Hornindal, Nordsida og Randabygd
- Sokneprest Mari Saltkjel
Leikanger og Norum
- Sokneprest Egon Askvik
Lærdal
- Soknepreset Helene Langeland
Kjelde: Åpen Kirkegruppe
- Det er jo heilt naturleg og ynskjeleg at menneske som ber kyrkja om forbøn og velsigning, får det, seier prost Jermod Hausberg i Indre Sogn.
Får full støtte
I tillegg til Langeland, står sokneprest Egon Asvkik i Leikanger og sokneprest Mari Saltkjel på lista over 130 prestar i landet som seier seg villige til å halde kyrkjeleg forbøn og velsigning for homofile og lesbiske. Hausberg meiner det er heilt greitt at to av prestane hi hans prosti står på lista.
- Dei har mi fulle støtte, og det vil også vere mitt utgangspunkt, seier
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Bjarne Lerum Bilmuseum