26.05.2012

-Fryktar at gassen er giftig

Den sterke svovellukta frå naturreservatet Kyllaren i Askvoll brer om seg.

Den siste månaden har stanken av kloakk og råtne egg vore nesten uthaldeleg for folk i Askvoll sentrum.

Fryktar at gassen er giftig

Det er stank frå vassbassenget Kyllaren som fører til den svært ubehagelege lukta. Men no er det ikkje berre sentrumsbuarane som må leve i stanken. Folk heilt ut på Værlandet har byrja å kjenne lukta.

Fleire har frykta at gassen kan vere giftig.

Folk er kvalme og svir i auga

Kommunelege Johan Nyhammer seier gassen er giftig i svært store konsentrasjonar. Men tilbakemeldingane frå Folkehelseinstituttet er at eit utslepp frå naturen i fri luft, ikkje kan gje så høge konsentrasjonar at det medfører helseskade.

- Mange folk er plaga av dette. Dei er plaga av kvalme, hovudverk og mange svir i auga, seier legen.

Det er spesielt auga, nasen og munn som vert råka ifølgje legen.

- Problemet er uuthaldeleg, seier kommunelegen.

Måtte halde seg for nasen

Kommunen har no teke kontakt med fylkesmannen si miljøvernavdeling for å høyre kva som kan gjerast.

Reporter Anna Gytri frå NRK Sogn og Fjordane er i Askvoll i dag, og fortel at både ho og fotografen som er med på turen måtte halde seg for nasen då dei gjekk ut av bilen.

- Vi kjendte lukta då vi nærma oss Askvoll. Men då vi kom fram var det så ille lukt at vi måtte halde oss for nasen, seier Gytri.