26.05.2012

- Må legge ned fødestova i Lærdal

Ordførar i Lærdal, Knut O Aarethun vil legge ned den forsterka fødestova for å redde ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus.

 

 

 

Knut O. Aarethun (Foto: NRK)

Ordførar i Lærdal Knut O. Aarethun

Foto: NRK

I går vart Helse Førde tvinga av Helse Vest til å gjere om vedtaket om å legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid.

Helse Førde er pålagde spare inn 60 millionar, og når fødeavdelinga på Eid blir verna må det kuttast andre stader.

Aarethun seier ortopedien er langt viktigare for å redde sjukehuset.

- Det er svært viktig  ha ein akuttberedskap slik som vi har i form av ein ortopediklinikk, dermed er ein nøydde til å velge det tilbodet.