- Asylborn kan få livet øydelagd

Niåringen Simon og faren vart sendt ut av Norge til byen Bari i Italia som var det første landet dei to kom til som flyktningar. Dei seier dei måtte bu under open himmel i Italia, og at dei ikkje vart teken omsyn til av Italienske myndigheiter. Biskopen i Bjørgvin meiner born vert råka hardast av ein streng asylpolitikk i Norge.
Foto: PrivatBiskop tek oppgjer med norsk asylpolitikk. Meiner det er borna som vert skadelidande.
Publisert 08.02.2010 11:08.
- Skriv ut
- LES OGSÅ: Asylborn vert behandla for dårleg
- LES OGSÅ: - Norge må behandle asylborn betre
- Norsk asylpolitikk er for streng og bør mjukast opp, spesielt i forhold til borna,

Simon (9) og faren Fkadu Thaye
Foto: Anita Uberoi/NRK
Ilda på åtte år har vore i Norge lenge, og risikerer å bli sendt ut av landet med familien sin.
Foto: Vegar Erstad/NRK
Biskop Halvor Nordhaug er redd asylpolitikken Norge har kan traumatisere born.
Foto: Bendiksby, Terje/SCANPIX
Simon forstår ikkje kvifor han ikkje kan bu i Norge slik som venen hans gjer.
Foto: Arne Stubhaug/NRK
Engasjementet for asylsøkjarane har vore stort, spesielt i Florø der dei gjekk i fakkeltog for Simon og faren.
Foto: Mathias Oppedal/NRKseier biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin.
Fleire og fleire kritiske røyster
- LES OGSÅ: Simon tilbake i Florø
Dermed sluttar bjørgvinbiskopen seg til alle dei røystene som siste tida har teke til ord for betre behandling av norske asyl-born.
FN har kritisert Norge for behandlinga av asylborna. Det har også «Redd Barna Ungdom» gjort.
Mange historier
Vi kjenner historia til eritreiske Simon i Florø som måtte ut etter 1,5 år i Norge der han har lært seg norsk, fått gode vener og kjenner seg trygg.
15 år gamle Jawana frå Sri Lanke fekk avslag etter fire år i Førde. No har skulekameratane starta underskriftsaksjon for å vise kor urettferdig og gale dei synest det er.
Åtte år gamle Ilda frå Kososvo fekk nyleg avslag ette 2 år i Norge. Ho veit ikkje kva framtida vil gje henne av tryggleik. For foreldra hennar er psykisk sjuke, men norske styresmakter meiner dei ikkje skal vere i Norge.
- LES OGSÅ: Simon og faren ute av kyrkjeasyl
Borna rivne vekk frå tryggleiken
Hovudkritikken er lang sakshandsamingstid som gjer at born med vanskeleg fortid blir rivne opp av norske miljø som dei er integrerte i.
Barneombod Reidar Hjerman meiner også at styresmaktene no må vurdere regelverket for borna som sit i asyl i Norge.
- LES OGSÅ: - Bryt ikkje med barnekonvensjonen
- Om dei har budd lenge i Norge og er blitt ein del av det norske samfunnet
- Ja, det er eg samd i, seier biskopen.
Engasjert biskop
- LES OGSÅ: Norge bryt FN sin barnekonvensjon
Det er ikkje første gongen at Nordhaug engasjerer seg i asylsaker.
Den såkalla «Simon-saka» i Florø fekk mykje merksemd, og biskopen var i haust tydeleg på at barne-konvensjonen burde gå framføre Dublin-konvensjonen som sa at han og faren måtte tilbake til Italia.
- LES OGSÅ: Reagerer på at Sandberg sår tvil
Avdelingsdirektør Hanne Jendal i UDI vedgår at barna sitt beste ikkje alltid når opp.
- Vi kan la innvandringspolitiske omsyn gå framføre bornas beste nokre gonger, seier ho.
- Borna vert traumatiserte
Biskop nordhaug innser likevel at UDI må drive ein vanskeleg balansegang.
- Eg meiner samfunnet sin grunnleggande lojalitet skal ligge hjå borna. Dei kan få livet øydelagt faktisk om barndomen vert traumatisk. I nokre saker er det openbert at borna sitt beste bør gå framføre asylpolitikken, seier biskopen.
- LES OGSÅ: Politiet grip ikkje inn i Simon-sak
- LES OGSÅ: Advokat støttar ulovleg innreise
Lyd og video
Les
- Simon og faren ute av kyrkjeasyl
- Handsamar Simon-søknad
- - Norge må behandle asylborn betre
- Asylborn vert behandla for dårleg
- Simon tilbake i Florø
- - Bryt ikkje med barnekonvensjonen
- Norge bryt FN sin barnekonvensjon
- Reagerer på at Sandberg sår tvil
- Politiet grip ikkje inn i Simon-sak
- Advokat støttar ulovleg innreise
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen