- Har gjort plass til meir snø

Brøytekantane er nær fire meter på det høgaste over Kvalheimsfjellet.
Foto: Bjarne Eldevik- Eg hugsar ikkje sist eg såg slike brøytekantar, fortel brøytebilsjåfør Ole Sætren om tilstanden på Kvalheimsfjellet i Vågsøy.
Publisert 05.02.2010 21:57.
- Skriv ut
Med brøytekantar på nær fire meter, skulle ein tru at innbyggjarane der har fått snø nok for både ein, to og tre vintrar framover.
- LES OGSÅ: Uvér stengde vegar
- Men det har ikkje kome ned så mykje snø. I hovudsak skuldast det fokksnø, seier brøytebilsjåfør Ole Sætren i Måløy.
- Hugsar ikkje sist
Han, og fleire med han, har hatt ein hektisk fredag med å opne fylkesveg 600 mellom Raudeberg og Kråkenes, og fylkesveg 632 mellom Skårbø og Leikanger i Selje. I ettermiddag kunne bilane igjen ta seg fram på fylkesvegane. Men spesielt på Kvalheimsfjellet blir det med stadvis svært høge brøytekantar.
- Eg kan ikkje hugse sist det var slike brøytekantar. Dei er mellom tre og ein halv til fire meter på det høgaste, seier Sætren.
- Toler ingenting
Og verre kan det bli, dersom vergudane held fram med å drysse snø over Vågsøy.
- No toler det ingenting. Kjem det meir snø og vind, så er det tett att med det same, seier han og ikkje heilt veit kva han skal tru om vermeldingane framover.
- SJEKK: Vermeldinga på yr.no
- Nokre seier det skal kome meir snø, medan andre seier det blir fint framover. Eg får stå opp i morgon å sjå, ler han.

Det er mest snø på sørsida av Kvalheimsfjellet, medan nordsida ser ut til å ha fått minst. Bilete er frå nedkøyrsla mot Mehuken.
Foto: Bjarne EldevikSiste: Sogn og Fjordane
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
- Vil slå saman kommunar med tvang
- Får 450.000 i erstatning
- Sporty politi utfordrar ordføraren
- Kan gå glipp av nok ein sesong
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
06/02 (40 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
- Vil slå saman kommunar med tvang
- Får 450.000 i erstatning
- Sporty politi utfordrar ordføraren
- Kan gå glipp av nok ein sesong

















Melodi Grand Prix i Florø