Hopp til innhold

Byr på stordugnad for Haiti

Søndag kveld blir det stordugnad på Sandane i Gloppen.

Sambuarparet Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad startar innsamlingsaksjon.

Sambuarparet Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad var i Haiti like før jordskjelvet råka øysamfunnet.

Foto: Inger Haldis Aske Lothe/Firda Tidend

Eldsjeler har tromma saman til storkonsert i Trivselshagen, der kvar ei einaste krone går til Prosjekt Haiti.

- Vi har ikkje brukt ei einaste krone for å få til denne dugnaden. Vi har fått fantastisk oppslutnad frå artistar, kommunen har stilt med hus, vi har fått ressursar frå verksemder i kommunen og fått trykt plakatar, fortel Børre Tystad.

Mange stiller

Frå før har Haiti-prosjektet i Sogn og Fjordane samla inn over 100 000 kroner til det jordskjelvråka øysamfunnet . Søndag går Sigrid Therese Moldestad, Oddvar Torsheim, Steinar Engelbrektsson, med fleire, på scena for å samle inn endå meir. I tillegg til konsert, vil arrangørane vise bilete frå Haiti og fortelje om kva pengane går til.

- Kvar einaste krone går uavkorta til prosjekt Haiti, seier Tystad.

- Frustrerande

Etter at jordskjelvet la store delar av landet i ruinar, har situasjonen i Haiti fått mindre og mindre omtale i media. Tystad seier det ikkje betyr at dei ikkje lenger treng hjelp.

- Det har vore litt frustrerande for oss som er involvert i dette. Det vil vere minst like viktig framover å halde fokus på det som må gjerast. Førstehjelp, mat, medisin og telt. Å gje folk hus, straum og vatn, men også å få bygt opp att skulane, seier han.