Hopp til innhold

«Årets spelar» legg opp

Høyang-spelar Edin Agovic (27) har bestemt seg for å legge fotballskoa på hylla

Edin Agovic

Edin Agovic har dei siste åra vore fast inventar på Høyang. No har han verken tid eller lyst til å halde fram med fotballen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Agovic har dei siste sesongane vore mellom 3. divisjonslaget sine mest sentrale spelarar. No ynskjer han meir tid til familien.

- Det vart mykje stress i heimen, og eg må vedgå at eg vart litt lei på slutten. Det er full stopp no, stadfestar tobarnsfaren.

Vart "årets spelar"

27-åringen har vore ein bauta i Høyanglaget, både i forsvar og på midtbana. I fjor vart det 20 kampar og fire mål. Prestasjonane på bana gav han tittelen "årets spelar" i klubben.

- Han har truleg vore ein av dei beste i 3. divisjon i Sogn og Fjordane. Han har betydd veldig mykje, spesielt i fjor då han hadde ein kjempesesong, seier trenar i Høyang, Terje Fjæren.

- Blir svekt

- Per dags dato er det ingen som fyller Edin sine sko. Men slik er det ein gang i verda. Ein eller annan dag gir folk seg, held Fjæren fram. 3. divisjonslaget har også sett Kristian Ingi Nesse gå til Balestrand. Når også Agovic no takkar for seg, er Høyang svekt før årets sesong.

- Det er klart at vi blir svekt, men vi må gjere det beste av det. Vi har andre spelarar som kan gå inn og gjere ein jobb i forsvaret og på midtbana, seier Fjæren.

- Vi håpar

Medan Agovic e sikker på at han no er heilt ferdig med fotballen, har ikkje Høyang-trenaren heilt gjeve opp håpet om å sjå Agovic attende på laget.

- Han har sagt at han ikkje har lysta akkurat no, men dersom lysta skulle komme att så dukkar han nok opp på treningsfeltet igjen. Vi håpar sjølvsagt at han dukkar opp, seier Fjæren.