08.02.2012

Olsen ny generalsekretær

Knut M. Olsen (55) frå Jølster blir Senterpartiet sin generalsekretær dei neste fire åra.

Den avtroppande fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Senterparti, tek over etter Ivar Egeberg som gjekk frå stillinga 15. september i fjor.

- Veldig gledeleg. Eg var veldig spent sidan det var mange gode søkjarar, seier Olsen.

- Tida var inne

Jølstringen var mellom ti søkjarar til den ledige stillinga. Fem vart kalla inn til intervju. Olsen har lagt bak seg seks år som fylkesleiar i partiet, og har vidare vore aktiv i 14 år på fylkestinget. I tillegg er han vara for Stortinget, og styreleiar i partiet sitt studieforbund. No meiner han tida er inne for nye utfordringar.

- Eg har etterkvart lang fartstid frå veldig mange ulike nivå i partiet. Både som folkevald og tillitsvald. Eg tykkjer om å prøve nye utfordringar, seier han.

To toppar frå fylket

Olsen er i dag dagleg leiar i Jølster Design, Myklebust Kunst & Handverk. Han er utdanna siviløkonom frå BI og har tidlegare vore både økonomisjef og direktør i Møllegruppa. I tida framover vil jølstringen og partileiar Liv Signe Navarsete vere sentrale skikkelsar i politikken til partiet.

- Både eg og ho opptekne av at god senterpartipolitikk betyr mykje for utviklinga i Sogn og Fjordane. Vi hugsar veldig godt kvar vi kjem frå og kjenner dei utfordfringar som er her, men samstundes må vi tenke heile landet, seier Olsen.

Ny stilling

Det er ei nyoppretta generalsekretærstilling Olsen skal inn. Han er difor spent før han trer inn.

- Denne stillinga omfattar både stortingssekretariatet og resten av partiorganisasjon. Tidlegare har ikkje stortingssekretariatet ligge inne i stillinga. Det første er å sjå korleis dette kan fungere godt og å utvikle politikk, organisasjon og kompetanse for å sanke stemmer i by og bygd, seier han.