Hopp til innhold

Ingen tekne av snøskred

Det var ingen skigåarar i rasområdet ved Harpefossen skisenter søndag ettermiddag.

Snøskred ved Harpefossen

Folk frå Røde Kors leita i rasområdet med skredsøkjarutstyr.

Foto: Jarle Tor Aasebø

Snøskreda gjekk to stader i fjellet bak Harpefossen skisenter i Eid kommune. Folk frå Røde Kors leita i området med skredsøkjarutstyr, og luftambulansen frå Førde søkte i rasområdet.

Ingen var i rasområdet

– Folk i luftambulansen har konstatert at det ikkje er folk i rasområdet, seier Jarle Tor Åsebø som jobbar ved skitrekket.

Området vert mykje brukt av folk som går toppturar. Turgåarar meinte dei hadde sett skispor inn i det eine skredområdet og varsla alarmsentralen. Men etter å ha undersøkt rasområde, fann ikkje luftambulansen skispor inn i rasa.

Stengjer skitrekket

Det har kome mykje snø i fjellet dei siste dagane og rasfaren er stor. Harpefossen skisenter vert no stengt resten av dagen på grunn av rasfare.

– Vi set opp skilt om at folk ikkje må ferdast utanfor løypene, seier Aasebø.

Politiet åvarar skiløparar om å ikkje ferdast i skred- og rasfarlege område.

Også NGI åtvarar skiløparar mot å ferdast i bratt terreng.