Norge og EU signerte avtalen

Gunnar Domstein har god grunn til å smile; Norge og EU er blitt samde om ein langsiktig avtale om makrellkvotane.
Norge har omsider blitt samde med EU om makrellkvotane for 2010.
Publisert 27.01.2010 11:23.
- Skriv ut
Norge har gjort fleire forsøk på å få i stand ein langsiktig avtale sidan norske makrellfiskarar vart kasta ut av EU-sona i fjor haust.
- LES OGSÅ: Brot i makrellforhandlingane
- Det er gledeleg. Avtalen er svært viktig for fiskerinæringa. Det har vore ein lang konflikt, seier administrerande direktør Gunnar Domstein i verdas største sild- og makrellselskap, Norway Pelagic.
Vart kasta ut
Den nye avtalen regulerer viktige forhold som fordelinga av den totale makrellkvoten og spørsmål om gjensidig sonetilgang. Etter mange år med årlege ad hoc-avtalar, vart norske farty på makrellfiske kasta ut av EU-sona 2. oktober i fjor. Då hadde norske farty framleis att ein kvote på kring 75 000 tonn makrell.
- Den blir no skubba fram til i år, og det betyr det same som at med dei avgrensingane ein har i år, så kan det bli vanskeleg også i år å få opp kvotane, seier Domstein.
Framsynte vilkår
Norske fiskarar kan i år fiske 246 000 tonn makrell. Avtalen som no er signert betyr meir framsynte råmevilkår for Norway Pelagic, i form av stabile og høge leveransear frå både norske og utanlandske farty. Den inneber utvida tilgang til kvarandre sine soner i 2010 og full tilgang frå 2011.
- For norsk side er det viktig å ha fått til ein avtale med EU, fordi makrellen er viktig for Norge. Ikkje minst har Norge og EU no ei felles sak i høve mellom anna Island og Færøyane i den diskusjonen som kjem kring dei framtidige kvotane, seier Domstein.
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø