Hopp til innhold

- Det er forkasteleg

Arne Johannesen i Politiets fellesforbund reagerer sterkt på artisten Gaahl sine ytringar om kyrkjebrenning.

Gaahl

Artisten Kristian Espedal eller Gaahl er positiv til kyrkjebrenning. Det får fleire til å reagere. Sist i rekkja er Arne Johannesen i Politiets fellesforbund.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

- Eg skal ikkje seie kva teatersjefen bør gjere, men at ei slik ytring bør få konsekvensar er heitl klart, seier Arne Johannesen i Politiets fellesforbund til avisa Vårt Land.

Spelar under Festspela

Kristian Espedal, eller Gaahl som han kallar seg som artist, har møtt massiv motstand etter at han gjekk ut og sa at:

«- Eg meiner veldig, veldig sterkt at symboleffekten ved å brenne ned kykjer er

Arne Johannessen

Arne Johannessen meiner det er forkasteleg at Gaahl snakkar om kyrkjebrenning som noko som er bra.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX
Gaahl

Kristian Espedal som han eigentleg heiter skal spele i stykket 'Svartediket' i Bergen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX
Bjarte Hjelmeland

Teatersjef Bjarte Hjelmeland har fått hard medfart etter at han forsvarte Gaahl.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

bra»

Gaahl er hyra inn som skodespelar på Den Nationale Scene i Bergen i stykket «Svartediket» som skal ha framsyning under festspela i mai månad.

- Veldig spesielt

Johannesen meiner det er veldig spesielt at nokon kan oppmode til kyrkjebrenning utan at det får konsekvensar.

- At nokon kan uttale seg slik i det offentlege rom utan å bli stilt til ansvar, synest eg er veldig spesielt, seier Johannesen til avisa.

- Det var prinsipielt

Tetaersjef Bjarte Hjelmeland har valgt å halde fram kontrakten han har med Gaahl etter uttalelsane. For Hjelmeland hadde ein samtale med Gaahl etter at kritikken kom, og teatersjefen konkluderte då slik:

- Han har ikkje meint å oppmode til kyrkjebrenning. og dermed ikkje til kriminelle handlingar. Utsegnet var meir prinsipielt.

-Forkasteleg

Johannesen er slett ikkje samd.

- Eg må seie det er ein merkeleg konklusjon. Vi er vande med at det skal vere høgt under taket i kunstnariske miljø, men dette er å gå langt over streken. Det er ei svært alvorleg sak å ytre seg om kyrkjebrenning. Det er forkasteleg i seg sjølv.