10.02.2012

Dømd for vald og trugande SMS-ar

"Vi er ein gjeng som skal knekke kvart bein i kroppen på deg.." og "Gjør deg klar styggen. Du er død" skreiv sunnfjordingen i ei tekstmelding.

No må sunnfjording i 20-åra i fengsel for fleire tilfelle av vald og trugande tekstmeldingar.

Sparka i hovudet

For då mannen møtte Fjordane tingrett måtte han svare for ei rekkje tiltalepunkt.

Mannen som fekk dei trugande tekstmeldingane vart også utsett for vald. På ein fest i haust var han kasta i bakken og vart sparka i overkroppen og hovudet. Litt seinare på kvelden tok tiltalte på ny tak i fornærma og la han i bakken.

Sunnfjordingen var også tiltalt for å ha slått til ei kvinne same kvelden, men dette vart han frikjent for.

Slo fotballsupportar

Også tidlegare på hausten var han involvert i bråk. Då Førde skulle spele kvalifiseringskamp mot Birkebeinaren oppstod det munnhoggeri mellom to gjengar.

Ein mann fekk pluteseleg eit hardt og målretta knyttneveslag i ansiktet av den tiltalte. Dermed måtte mannen sy to sting. Retten legg vekt på at det før slaget ikkje var fysisk eller verbal kontakt mellom dei to mennene.

Tok kvelartak og slo

Dei andre valdsepisodane skjedde i mai. 16. mai motsette han seg arrestasjon frå to politistudentar som prøvde å få han vekk frå ein fest i Gloppen. Til slutt vart mannen lagt i bakken av politiet.

Dagen etter gjekk det ut over ein mann på Festplassen i Førde. Her drog han ein mann frå taket på ein russebil, tok kvelartak på han og slo han i ansiktet to gonger med knyttneven.

Den tiltalte mannen forklarte at han gjekk til angrep fordi han hadde blitt spruta på med eit vassgevær. Den fornærma mannen sa i retten at det var eit uhell og at han like etter hadde bede om orsaking. Dette la retten vekt på og meinte at handlinga var ein klar overreaksjon.

Fem månader fengsel

Sunnfjordingen var rusa i mange av episodane, og sa seg skuldig i det han var tiltalt for. Fjordane tingrett meiner at fem månader i fengsel er ei passande straff for den tidlegare dømd mannen.