- Det er ikkje blitt meir kongeørn

Alv Ottar Folkestad avviser at bestanden av kongeørn har auka i Sogn og Fjordane.
Foto: Øystein WindstadNorsk Ornitologisk Foreining avviser at kongeørn i Sogn og Fjordane har auka.
Publisert 13.01.2010 16:56.
- Skriv ut
Leiar Alv Ottar Folkedal meiner bondelaget har mistolka situasjonen når dei meiner at bestanden av kongeørn har auka.
Visste du at...
Foto: Odd E. Kjølstad- Kongeørna er fugleart i haukefamilien.
- Det vitskapelege namnet er Aquila chrysaetos.
- Hofuglen er størst, med eit vingespenn på opptil 2,24 meter.
- Kongeørna er vår nest største rovfugl, etter havørna.
- Største kjente norske vekt er 6 670 gram.
- Oppdelt i fleire underartar hekkar den i store delar av Europa, Asia og Nord-Amerika.
- I Norge hekkar kongeørna frå heitraktene i Agder til Øst-Finnmark.
- Kongeørna er mest innlandsfugl i høgare strok, men har i Nord-Norge førekjem den også i reine kyststrok.
- Bestanden i Norge gjekk ned i mange år, men har sidan totalfredinga i 1968 stabilisert seg.
- I 2002 vart den norske bestanden rekna til 850-1200 hekkande par.
- Hønsefuglar, ender og hare er dei vanlegaste byttedyra, men også rev, reinkalvar, lam m.m, ofte sjølvdaude dyr.
Kjelde: Store Norske Leksikon
- Vi har i dei ulike fylka, også i Sogn og Fjordane, ganske handgripelege tal. Vi veit til dømes at i 2009 var det ein dårleg hekkesesong for Kongeørn over heile landet, seier Folkestad.
- Det held ikkje
Folkestad seier at 2009 var ein dårleg hekkesesong for kongeørn over heile landet. Men etter at to hundar på kort vart drepne av ørn, og søknadane om erstatning for husdyr tekne av ørn er dobla. Og i Årdal blir to kattar nekta å gå ut på grunn av frykt for ørn. Bondelaget meiner ørnebestanden har auka.
- LES OGSÅ: - Dachs drepen av ørn
- Dei kan ikkje seie at vi har mista mykje dyr i år, og det må det vere kongeørna som har gjort. Det viser seg at når ein brukar slike resonnement så held det ikkje, fordi mesteparten av tapa har heilt andre årsaker, seier Folkestad.
Ber om kartlegging
Nestleiar i Sogn og Fjordane bondelag, Jon Nummedal, vedgår at dei slit med å dokumentere påstanden. Og seier det er difor dei har bede fylkesmannen om å raskt setje igang ei kartlegging.
- LES OGSÅ: Ørn gjekk til angrep - drap hund
- Vi har ikkje god dokumentasjon på ørnebestanden, og det er det som er problemet i denne saken. Vi etterlyser betre dokumentasjon på utvikling av ørnebestanden i fylket, seier Nummedal.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen