Sette Navarsete på "miljøgrillen"

Inger Fure Grøtting spurde senterpartileiar og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ut om rutilutvinninga i Naustdal.
Foto: Natur og UngdomLeiaren i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom er skuffa over svara ho fekk frå Liv Signe Navarsete på spørsmål om rutilutvinninga i Engebjøfjellet i Naustdal.
Publisert 10.01.2010 16:15.
- Skriv ut
Senterpartileiar, og kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete vart stilt til veggs under Natur og Ungdom sitt 46. landsmøte som starta i Fredrikstad torsdag. Kring 200 unge miljøaktivistar frå heile landet deltek.
- På ein skala frå ein til ti? Sju-åtte. Ho svara ikkje at ho var for rutilutvinninga, så eg kan ikkje seie ti, seier Inger Fure Grøtting, leiaren i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane.
- Dårlege svar
Fure Grøtting utfordra Navarsete på rutilutvinningssaka i Naustdal. Mellom anna kva synspunkt partileiaren har i saka, og kva Senterpartiet vil gjere med den når den kjem i regjeringa.
- Men svara vart ikkje heilt som venta, fortel fylkesleiaren og fortel at Navarsete ikkje ville gje noko svar før saka kom opp i regjeringa. I Naustdal støttar Senterpartiet planane.
Burde hatt meining
- Eg skjønar at det er vanskeleg for henne å ta standpunkt i alle saker, og eg ventar ikkje at ho skal kjenne til alle politiske saker i fylket. Men dette er kanskje den viktigaste saka, så kanskje ho burde hatt ei meining om det, meiner Fure Grøtting.
- Det var hyggeleg at Navarsete stilte opp på utspørjinga, og at eg fekk stille ho sprøsmål om den viktigaste saka frå fylket vi begge kjem frå. Likevel er eg skuffa over dårlege svar, seier Fure Grøtting og krev politisk handling.
- Krev rein fjord
Nordic Mining har søkt om løyve til å utvinne rutil i Engebøfjellet, og ventar no svar frå SFT. Planane vil gje arbeidsplassar, men er omstridde og har vekt sterke reaksjonar lokalt. Mange fryktar at eit fjorddeponi vil øydeleggje Førdefjorden og livet i den.
- LES OGSÅ: Held fast på fjorddeponi
Natur og Ungdom sitt landsmøte gav klar beskjed til både Regjering og SFT at dei krev ein rein Førdefjord i all framtid.
Det lukkast ikkje NRK å få kommentar frå Liv Signe Navarsete om saka.
Les
- Ingen gruvedrift utan undersøkjing
- Naturvernarar skuffa over rutil-ja
- Ja og nei til rutilplanar
- Rutil-nei frå Naturvernforbundet
- - Dei pynta på gruvedriftrapport
- Held fast på fjorddeponi
- Fryktar fjorden blir øydelagd
- Omstridd parole i 1. mai tog
- Aksjonistar møtte Jens
- - Alt liv på fjordbotnen forsvinn
- Har tru på gruvedrift
- Engebøfjellet kan bli valkampsak
- - Vern om bygda vår!
- Fakkeltog mot gruve
- Nytt steg mot steineventyr
- Utviklar miljøvenleg teknologi
- Mineral splittar sunnfjordbygd
Gruvedrift i Vevring
- Varslar fastlenking og aksjonar
- Havforskingsinstituttet med funn
- Engebøfjellet blir ein prøvestein
- Solheim møtt av demonstrantar
- Møter ministeren med demonstrasjon
- Vil bryte lova for Engebøfjellet
- Bygda som splittar regjeringa
- Rysta over haldning til fjorddeponi
- Set sitt politiske liv på spel
- Krev gruvevedtaket granska
- Splid mellom Engebø-grunneigarar
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen