Hopp til innhold

Ørnar tok to hundar på tre dagar

Med berre ein dags mellomrom forsvann jakthundane Lotta og Terry under jakt - begge tekne av ørn. Berre Lotta kom seg heim i live.

Lotta berga ned etter to veker

KOM VELBERGA HEIM: Jakthunden Lotta var i nærkontakt med ørn, men slapp med skrekken. Her er ho på veg i båt over fjorden, etter at redningsmennene har fått ho ned frå den vanskeleg tilgjengelege fjellsida.

Foto: Arve Tvedt

- Det var godt å få sjå ho att. Både for oss og dottera hennar, seier eigar Magne Lilleheier.

I går fekk han beagelen Lotta heim igjen, etter at ho hadde vore sakna i fjellet i to veker. Ho forsvann under jakt like før jul.

Mista hunden sin til ørna

To dagar etter at Lotta forsvann i fjella på austsida av Fjærlandsfjorden ved Hella, opplevde det same jaktlaget at også den tyske jaktterrieren Terry forsvann under hjortejakt i Luster.

- Det er heilt forferdeleg. Det var ein fantastisk hund ørna tok, og det er som å miste eit familiemedlem, seier Nils Arne Skjerven.

Han var eigar av Terry, som til slutt enda sine dagar i klørne til ei ørn.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Terry vart drepen av ørn

VART DREPEN: Jakthunden Terry overlevde ikkje møtet med ørna. - Forferdeleg. Hunden var som eit familiemedlem, seier eigar Nils Arne Skjerven.

Foto: Nils Arne Skjerven

Ørnebestanden har auka

Måndag kveld konkluderte fjelloppsynsmann Einar Fortun med at også Lotta hadde vore i nærkontakt med ørn. Tydelege merke etter ørneklør på ryggen kan tyde på at ørna har prøvd å drepe hunden med å sleppe den i bakken frå stor høgde.

Ifølgje Sogn Avis har Fortun registrert at ørnebestanden har auka monaleg langs heile Sognefjorden dei siste åra. Det har også Nils Arne Skjerven.

- Det byrjar å bli gale når det er så mykje ørn. Ein og samme dag observerte vi åtte ørnar i Luster vestre statsalmenning. Nyttårsdagen sat vi og kikka etter hunden på Hella, og då såg vi tre ørnar i flokk, seier den røynde jegeren.

Vil ha fellingsløyve på ørn

Skjerven har den siste tida observert generelt mykje ørn - både kongeørn, fiskeørn og havørn.

- No må sentrale styresmakter ta tak og regulere både fugl- og rovdyrstammen generelt, seier han.

- Er du med dette ute etter hemn over ørna?

- Nei. Eg meiner vi må ha rovdyr i norsk natur, men alt med måte. Uansett er det no for mykje ørn, seier han.

Skjerven har tysdag vore i kontakt med Fylkesmannen, og vil no sende søknad om fellingsløyve på ørn. Han håpar styresmaktene også snart startar ei skikkeleg teljing av bestanden.