Hopp til innhold

Villreinstammen aukar

For første gong på to år aukar talet på rein i Jotunheimen.

Villrein

Talet på villrein aukar, og fagfolk meiner uttak av jerv i Jotunheimen er forklaringa.

Foto: Per Roger Lauritzen / Den Norske Turistforening

Etter fleire års nedgong ser villreinstammen ut til å vere på veg oppover i Vest Jotunheimen.

- Tidlegare har det berre gått ein veg, nevover. Men no ser det ut til å snu, seier fjelloppsynsmann Einar Fortun.

Ferske tal syner altså no ei svak auke i villreinstammen.

Auka med 12 dyr

Like før jul vart villreinstammen i Vest Jotunheimen talt ved hjelp av helikopter. Resultatet synte ei auke på 12 dyr. Det betyr at det no er 182 dyr i området.

- Vi fann to flokkar. Den eine var det 163 dyr, både kalv, simle og bukk.

Då stammen vart talt for omlag eit år sidan var stammen rekordlåg. Det vart berre funne 170 dyr, på to år hadde stammen blitt halvert.

- Jerven må vekk

Rovdyr, sjukdom og fleire fotturistar fekk skulda. No trur Fortun at det er uttaket av jerv som fører til at villreinstammen no får vokse.

- Det vart teke ut eit hi med to kvelpar og to hannar. Det trur eg har vore til hjelp, seier han.

- Kva må til for at stammen skal auke endå meir?

- Villreinen må få fred og ro, også må vi halde nede bestanden av jerv.

Driv informasjonsarbeid

Det er også blitt hengt opp plakatar og gjeve ut brosjyrer som fortel korleis folk skal ta omsyn til villreinen.


- Alle drypp vil jo føre til at fleire og flere får større forståing for villreinen som art. Den er ein del av vår kultur- og naturarv, seier fagleg ansvarleg for naturoppsyn i Jotunheimen for SNO, Rigmor Solem.