Pass på vassrøyra i kulden

Arkivfoto.
NRKHar du hugsa alt til jul, men gløymt å sjekke vassrøyra, kan du få store utfordringar i heimen i sprengkulda.
Publisert 30.12.2009 09:09.
- Kommentarer
- Skriv ut
Kva er frostsprenging?
- Når vatn frys til is aukar volumet med omlag 10 %
- I ein lukka leidning medfører dette at trykket stig heilt til noko brist
- Sjå difor etter sprekker og utvidingar på leidningar og utstyr
- På grunn av trykkauke i heile leidningssystemet kan skaden oppstå i eit rom som er oppvarma
- I byggeforskrifta står det at vatn- og avløpsleidningar skal sikrast mot frost
- Det betyr at røyrinstallasjonane skal utførast slik at dei ikkje frys under normale tilhøve. (Temperaturar i boligareal bør vere minst 10 grader og i kjeller over 3 grader)
Kjelde: SINTEF
For kulda skapar ikkje berre problem for folk som skal ferdast ute. Svært låge temperaturar kan føre til at røyr sprekk og gje store vasslekkasjar.
Kan bli svært dyrt
Og dette kan koste deg dyrt. For vass-skader på røyr kan denne vinteren komme til å koste opp mot 150 millionar kroner. Det viser berekningar frå Sintef Byggforsk.
Mange skrur av varmen i huset når dei reiser vekk og dette kan koste kvar huseigar fleire hundre tusen kroner.
Eigaren sitt ansvar
Det er huseigaren sitt ansvar å passe på eigedommen sin og forsikringsselskapa har blitt strengare blitt strengare viss folk har vore uforsiktige.
- Dei fleste hugsar det, men det er alltid nokre som er uheldige og gløymer det. I kuldeperiodar som vi har no, vil det bli frostskader, seier dagleg leiar Bjørn Olav Øvrebø frå Dale Røyr i Førde.
Omfattande skader
Han seier at dei får ein del ekstraarbeid på grunn av dette.
- Ja, vi må rykkje ut og tette lekkasjar etter at varmen er komme tilbake.
Han seier at vass-skader er så dyre fordi vatn som kjem ut i bygningskonstruksjonen skaper mykje skade og at det fort blir omfattande å reparere.
- Ikkje spar på straumen
Øvrebø har fleire gode råd for å unngå slike skader.
- På denne årstida er det ikkje rett å spare på straumen. Første bod er å halde varmen. Skal du reise vekk så anbefaler vi at du stengjer hovudkranen og får nokon til å sjå etter huset.
- Kva skal folk gjere viss dei er uheldige og skaden har skjedd?
- Dersom vatnet fossar inn er det om å gjere å få stengt hovudkranen og deretter kontakte røyrleggjar og snikkar. Og vi tilrår at dei ringjer forsikringsselskapet og fortel kva som har skjedd.
Siste: Sogn og Fjordane
- Bjarne Lerum får bilmuseum
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Prata i mobilen - fekk bot
- Bjarne Lerum får bilmuseum
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater

















Bjarne Lerum Bilmuseum