10.02.2012

Bolseth framleis i tenkjeboksen

Rune Bolseth (Foto: Cosmin Cosma/NRK)

Sogndal sin store midtbanestrateg Rune Bolseth har takka nei til tilboda frå Kongsvinger og Odd Grenland.

No er 29-åringen i tenkjeboksen for om han skal velje Sogndal eller Hønefoss neste sesong.

Skal bruke romjula

Rune Bolseth skal bruke romjula på å bestemme seg for om han vil spele for Hønefoss eller Sogndal kommande sesong.

Overfor NRK stadfestar direktør Hans Erik Utne at sandensaren ikkje hamnar i Odd. Ifølgje sportsleg leiar Morten Kristiansen har det heller ikkje blitt meir ut av sonderingane med Kongsvinger.

Ei viktig brikke

Etter det NRK kjenner til, står no valet mellom ein eittårskontrakt med Sogndal og spel i tippeligaen med Hønefoss.

Rune Bolseth har dei siste sesongane vore kaptein på Sogndal. Han er ein av dei mest rutinerte spelarane på laget, og blir sett på som ein veldig viktig brikke på Harald Aabrekk sitt lag i 2010.

Bolseth skal ha fått romjula på seg til å gje Hønefoss eit endeleg svar på kva han sjølv ønskjer.