Bjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet meiner risikogruppene treng ny vaksine mot svineinfluensa allereie neste haust.
Dei første neste haust
Tre grupper bør trulig ta ein ny dose vaksine mot svineinfluensa neste haust. Det er dei som har nedsett immunforsvar, barn under 10 år, og eldre over 65 år, seier Iversen til VG.
Friske, vaksne menneske med godt immunforsvar kan derimot vente til 2011 med å vaksinere seg igjen.
- LES OGSÅ:
- Pandemivaksinen verkar raskare og betre, og difor kanskje lengre enn sesongvaksinen, som du bør ta kvart år. Dessutan inngår nok svineinfluensa i vaksinen mot sesonginfluensa allereie til hausten. Då vil du kunne ta begge i ei sprøyte, seier Iversen.
- Berre beskytta i to år
Uansett kan ingen rekne med å vere beskytta meir enn to år, sjølv om dei har vaksinert seg.
- Best immunitet mot viruset kan du rekne med dersom du har hatt svineinfluensa i år. Då varer vernet lengre, fordi du har vore utsett for ein langt større dose virus enn det du får gjennom vaksinen. Då kan du rekne med å vere beskytta mot dette viruset i fem til ti år, seier overlege Iversen.
- LES OGSÅ:
Svineinfluensaepidemien nådde toppen mellom 10. og 16. november. Då var 89 personar lagde inn på sjukehus med svineinfluensa, og 24 av desse fekk intensivbehandling.
(NTB)