19.03.2010

Standal Pavelich på andreplass

Kari Standal Pavelich  (Foto: Erlend Blaalid Oldeide/NRK)

Kari Standal Pavelich frå Nordfjordeid kom på andreplass under kåringa av årets bygdeprofil i Norge.

-Dette var svært hyggeleg og gjev motivasjon for vidare innsats, fortel ho.Standal Pavelich kom så høgt opp grunna sin mangeårige innsats for Opera Nordfjord. 1998 var første året med opera på Nordfjoreid, og sidan har det gått slag i slag. Saman med ektemannen har Standal Pavelich langt ned ein enorm innsats for operaen på Nordfjordeid.

Opera-fri jul

-Det heile starta i 1998. Sidan har vi hatt oppsetjingar kvart år. No har vi også vårt eige operahus. Det er kjempekjekt, seier ho.

-Driv du med opera også i jula?

-Nei, eg har ei fullstendig opera-fri jul. Eg slappar av, et godt og kosar meg saman med slekt og vener, seier Standal Pavelich.

Frikar vann

Det var dansegruppa Frikar som kom heilt til topps i kåringa. Dei to andre kandidatane frå fylket var Torodd Fagerheim frå Dale og Moods of Norway frå Stryn. Det er avisa Nationen som står bak kåringa.

Kommentarsystemer er levert av Disqus. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.
Skirapport Sogn og Fjordane
Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Breimsbygda 11/02 (15 cm)
Sogndal Hodlekve 17/03 (15 cm)
Jølster 18/03 (10 cm)
Harpefossen 17/03 (15 cm)
Sogn Skisenter 16/03 (20 cm)
Stryn 17/03 (40 cm)
Sunnfjord 16/03 (20 cm)
Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane