Hopp til innhold

Får erstatning etter at kona døydde

Ei kvinne i 60-åra døydde etter ein operasjon på Førde sentralsjukehus. No får mannen erstatning.

Korridor
Foto: Steinar Lote / NRK

Kvinna i 60-åra var innlagd på Førde sentralsjukehus for ein operasjon i magen.

Døydde av komplikasjonane

Operasjonen gjekk som normalt, men etter operasjonen vart kvinna dårleg. Ho fekk store problem, og vart sjukare og sjukare. Kvinna døydde til slutt av komplikasjonane.

No får dei etterlatne erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning. Nemnda meiner det kvinna opplevde ikkje er normalt etter ein slik operasjon, og gjev erstatning etter pasientskadelova.

Klandrar ikkje Helse Førde

Men samstundes poengterer pasientskadenemnda at Førde sentralsjukehus ikkje har ansvaret for at kvinna døydde. Helsepersonellet som behandla kvinna kan ikkje klandrast, og det har ikkje vore svikt i behandlinga.

Likevel meiner nemnda at dei etterlatne skal ha erstatning. Summen er enno ikkje fastsett.

I slike saker må Helse Førde betale ti prosent av erstatningssummen. Helse Førde tek avgjerda til pasientskadenemnda til orientering.