Hopp til innhold

Ørn gjekk til angrep - drap hund

Jakthunden Terry var sjanselaus då ei ørn gjekk til angrep.

Terry på jakt

VART ANGRIPEN AV ØRN: Jakthunden Terry var på jakt då kongeørna gjekk til angrep. Hunden var sjanselaus i angrepet.

Foto: Nils Arne Skjerven

Ei stor kongeørn gjekk i går til angrep på jakthunden Terry medan den var på hjortejakt i Luster i indre Sogn.

- Eg er oppvaksen med hund, men eg har aldri hatt ein slik jakthund. Eg føler det veldig fortvilande. To gonger før i haust har vi hatt nærkontakt med ørn som har prøvd å ta hunden, seier eigar Nils Arne Skjerven.

Fekk ikkje med seg hunden

Den tyske jaktterrieren var midt i ein los på fjellet i Luster vestre statsalmenning då ei diger kongeørn gjekk til angrep. Den vesle hunden var i realiteten sjanselaus då ørna slo til.

- Ho var ute på det andre drevet, då ho for til fjells og vi ikkje høyrde henne lenger. Vi såg ho på GPS, men plutseleg vart det heilt stille, og hunden slo seg til ro - noko som er heilt unormalt. Vi venta på ho i to timar, før vi gjekk opp for å hente hunden, seier Skjerven.

Då jegerane var 40 meter unna staden der hunden låg, høyrde dei kraftige vengeslag: Ørna prøvde å reise med hunden i klørne. Til slutt måtte ho gje opp - og stakk frå staden.

Fleire i kontakt med ørn

Jakthunden var daud då Skjerven kom fram. På høgre side var den delvis oppeten.

Det er ikkje første gongen hundeeigaren har hatt nærkontakt med ørn i samband med jakt. Nyleg vart dessutan ein dachs drepen av ei kongeørn under jakt i Nord-Trøndelag.

- Eg håpar at dei som styrer dette tek det til etterretning. Det har blitt mange skader på hund no - på lik linje med sau og lam, seier Nils Arne Skjerven.

- Akkurat no føler eg ikkje for å skaffe meg ny hund. Byråkratane må snart gjere noko med rovdyrpolitikken. Det er klart vi skal ha rovdyr i Norge, men alt med måte, seier jegeren.