Hopp til innhold

Køyrde på syklist i mørket

Ei kvinne måtte til sjukehus, etter at ho vart påkøyrd av ein personbil i morgontimane i Eikefjord.

- Kvinna kom på sykkel langs hovudvegen, då ho vart påkøyrd av ein bil som kom frå parkeringsplassen ved butikken, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk i morgontimane beskjed om at ein syklist var påkøyrd i Eikefjord sentrum.

Kvinna skal ha blitt kasta av sykkelen, etter at bilen trefte sykkelen i forhjulet. Ho skal vere lettare skada etter møtet med bakken.

- Etterforskinga vil vise kva som er grunnen til at bilisten køyrde på kvinna, seier operasjonsleiaren.