Hopp til innhold

Fekk oppheva sovevaldtektsdom

Sogn tingrett fann mannen skuldig i sovevaldtekt. I Gulating lagmannsrett vart han frifunnen.

Mannen vart i mai i år dømd til fengsel i to år og seks månadar for valdtekta som skulle ha funne stad i Sogn i juni 2007. Eitt år av fengselsstraffa var med prøvetid på to år.

Mannen, som er av utanlandsk opphav, vart også dømd til å betale 100 000 kroner i erstatning til kvinna.

Ikkje bevis

Men mannen anka domen til Gulating lagmannsrett og fekk der fullt medhald.

Lagretten la til grunn at det var seksuell omgang mellom dei to den aktuelle kvelden, men kunne ikkje finne det bevist at det skjedde medan kvinna var ute av stand til å motsette seg dette.

Kravde erstatning

Bistandsadvokaten til kvinna la likevel ned påstand om erstatningskrav, sidan ho meinte det på trass av frifinninga var sannsynleg at eit overgrep hadde funne stad.

Kravet vart ikkje teke til følgje.