Droppar toppklubb for USA-eventyr

TIL USA: Ann-Katrin Grotle reiser frå 1. divisjonsklubben Fortuna i Ålesund til fordel for collegefotball i USA.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIXAnn-Katrin Grotle (19) har takka ja til eit tilbod om å spele college-fotball i USA.
Publisert 11.12.2009 08:57.
- Kommentarer
- Skriv ut
Etter éin sesong i Toppserien reiser Ann-Katrin Grotle til USA for å spele college-fotball, skriv Fjordenes Tidende.
- Eg skal studere og satse for fullt på fotballen, seier 19-åringen frå Bremanger til avisa.
- Er ein person som hatar å tape
Ann-Katrin Grotle har i lengre tid vore eit av dei største talenta i Sogn og Fjordane. Sist sesong vart ho snappa opp av toppserieklubben Fortuna frå Ålesund.
Der starta midtbanespelaren dei fleste kampane - men det vart heile 20 tap på 23 kampar for den ferske toppklubben. I berre tre kampar klarte Fortuna å ta poeng. Alle tre enda uavgjort. Det enda med nedrykk.
- På ein måte var det spennande og kjekt, og miljøet var veldig godt. Men eg er ein person som hatar å tape, og det var jo sesongen i eit nøtteskal, vedgår Grotle overfor Fjordenes Tidende.
Vil tilbake til toppklubb i Norge
No håpar ho at skikkeleg satsing på fotballen i USA skal gje ho eit nytt løft. I collegefotballen kan ho få fullt stipend, der ho får dekka alle utgifter til utdanning og livsopphald.
Firmaet College Scholarships USA lagar ein presentasjonsvideo, som skal visast fram for diverse skular. Så er det opp til Grotle sjølv å ta stilling til tilboda som kjem.
- Det er utruleg mange moglegheiter i USA, og det verkar veldig spennande, seier Grotle.
Aller først skal ho til Brasil for å studere. I august ventar USA-eventyret.
- Eg er ikkje skremd over nivået i Toppserien. Når eg kjem tilbake frå USA, ønskjer eg å spele for eit godt lag her heime, seier midtbanespelaren.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum