Hopp til innhold

Dette er aktørane i sjukehusstriden

NRK Sogn og Fjordane presenterer i dag lista over dei mest sentrale aktørane i striden kring sjukehustilbodet i fylket.

Dette er aktørane i sjukehusstriden

PÅ LISTA: Fleire kjende profilar i fylket står på lista.

Foto: NRK Sogn og Fjordane

Lærdalsordførar Arne Sanden og samferdsleminister Liv Signe Navarsete

PÅ LISTA: Arne Sanden, ordførar i Lærdal, og kommunalminister Liv Signe Navarsete står på lista.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
jan Atle Stang

PÅ LISTA: Firda-redaktør Jan Atle Stang er gift med Helse Førde-lege.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Jan Helge Dale og Heidi Grande Røys

PÅ LISTA: Jan Helge Dale, kommunelege i Flora, er sambuar med Heidi Grande Røys.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Roy Raasholm Fauske

PÅ LISTA: Roy Raasholm Fauske er redaksjonssjef i NRK, men var tidlegare informasjonsmedarbeidar i Helse Førde.

Foto: Heidi Fagna / NRK
Frank Aarebrot

PROBLEMATISK: Professor Frank Aarebrot syntes koplingane i NRK si undersøking kan vere problemtatiske.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Kven dei er, kva slags politisk parti dei representerer, slektskap og kva slags andre relasjonar dei har til sjukehusstriden i Sogn og Fjordane?

Mediefolk på lista

Ordførar Arne Sanden i Lærdal er gift med ein sjukepleiar på ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus.

Dette kjem fram i den omfattande presentasjon av dei mest sentrale aktørane i sjukehusstriden i Sogn og Fjordane.

Også mediefolk står på lista, og journalist Jan Egil Fimreite i Sogn Avis har ei kone som er aktiv i Forsvar Lærdal sjukehus.

Er dette problematisk eller er det heilt naturleg i eit lite fylke som Sogn og Fjordane?

– Problematisk

– Det er problematisk, men ganske naturleg. I mindre samfunn er det mangel på kompetansearbeidsplassar, og derfor vil ofte mediefolk, politikarar og andre ha ein personleg relasjon til ein stor og viktig arbeidsplass som eit sjukehus, seier professor Frank Aarebrot.

Forklaringa er enkel, ifølgje Aarebrot:

– Ganske enkelt fordi kona, mannen eller andre er tilsette der. Slik er det i små kommunar.

Men Aarebrot syntes likevel det er problematisk med slike relasjonar.

– Det er jo problematisk fordi desse menneska driv samfunnspåverknad utan at dette er kjent for lesarane eller lyttarane at dei faktisk har ein familieinteresse i å ta vare på sjukehuset. Derfor bør slik informasjon vere kjent for alle, meiner Aarebrot.

Ikkje skjult

Han meiner alle burde ha opplyst om kva slags bindingar dei har i ulike saker, særleg tilsette i media.

– Det er ingen grunn til å skjule slik informasjon, og det skader ikkje. Alle har ein relasjon utan at det nødvendigvis påverkar den konkrete jobben dei gjere, seier professoren frå Bergen som sjølv har opplyst offentleg at han er Ap-mann.