11.02.2012

Høgre vil ha svar på geologrot

Steinras på Årdalstangen (Foto: Arve Uglum/NRK)

Raset på Årdalstangen viser at staten ikkje har rasbederskapen i orden.

Det hevdar stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Først tolv timar etter raset kom ein geolog kom til staden for å kontrollere faren for nye ras. Ifølgje Lødemel er dette uhaldbart.

Tek saka på Stortinget

Lødemel kjem i dag til å ta saka opp i spørjetimen på Stortinget i dag.

– Eg tykkjer det som kom fram etter raset i Årdal er urovekkjande, seier Lødemel.

Difor vil han stille spørsmål til olje- og energiministeren for å få svar på kven som har ansvaret. Han meiner ansvarsområda ikkje er klare nok.

– Det kan tyde på at det er ein glipp i systemet som gjer at ein ikkje har heilt oversikt over kven som har ansvaret, seier Lødemel.

Legg ansvaret på kommunane

Men Sigrid Hjørnegård, statssekretær i olje- og energidepartementet, meiner det er kommunane sitt ansvar å kontrollere faren for nye ras i områder der det har gått ras.

– Ansvaret som kommunane har er klart. Det er dei som kjenner områda beset, seier Hjørnegård.

Fylkeskommunen kutta stillinga til fylkesgeologen i Sogn og Fjordane etter at NVE fekk ansvaret for rasberedskapen i landet. Men NVE hevdar dei berre har førebyggjande ansvar.

– Urealistisk

Lødemel meiner det ikkje kan vere opp til kommunane å skulle kontrollere faren for nye ras sjølve.

– Det er heilt urealistisk. Difor må dette vere ei samordning, seier Lødemel.

No krev han ei rask avklaring på kven som har ansvaret for rasberedskap, slik at ein unngår nye situasjonar som i Årdal - der 19 bebuarar vart evakuerte utan å vite når det var trygt å flytte heim att.

– Det er viktig at ministeren kjem med eit svar slik at vi kan komme vidare, seier Lødemel.