Hopp til innhold

Fannemel aktuell for vinter-OL

Sportssjef Clas Brede Bråthen utelukkar ikkje at hoppkomet Anders Fannemel (18) kan bli den neste OL-utøvaren frå Sogn og Fjordane.

Anders Fannemel

Anders Fannemel enda i helga på 10. plass i verdscupdebuten.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

- Held han fram på dette nivået, så hoppar han i Vancouver, sler Bråthen fast etter helgas verdscuprenn i Lysgårdsbakken på Lillehammer.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_12_5_17_16_30_750.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Imponert OL-vinnar

Imponert er også Espen Bredesen, gull- og sølv-vinnar frå OL på Lillehammer i 1994. Han meiner Fannemel har eit kjempepotensiale.

- Han fekk vist kapasiteten sin og fekk den stadfestinga han drøymde om. Og det er nok det viktigaste for han denne helga, seier han.

- Ikkje stabil nok

Sjølv trur ikkje Fannemel at han er stabil nok til å vere med i ein OL-diskusjon. Honndølen siktar seg i staden inn på junior-VM i slutten av januar. Men stabiliteten kan komme med hardt arbeid, seier 18-åringen og ser til verdas beste skihoppar; austerriske Gregor Schlierenzauer.

- Han er eitt år eldre enn meg og er den mest stabile av alle. Det er berre å trene. Det er mogleg, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_12_5_17_26_49_752.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Nedtur søndag

Med eit hopp på 135,5 meter var honndølen nest lengst i andre omgang då han laurdag hoppa seg frå 28. til ein svært overraskande, og ikkje minst sterk, 10. plass i 140-meters bakken. Dagen etter kom nedturen, då han ikkje klarte å kvalifisere seg til søndagens renn .

- Eg var nok litt meir nervøs enn på laurdagen. Hoppet var ikkje heilt bra, seier han.