Våga ikkje å sove heime etter raset

Familien Løvdahl ventar med å flytte heim.
Foto: Ole Ramshus Sæltun/NRKLaurdag kunne alle dei evakuerte etter steinraset i Årdal flytte heime. Likevel valde familien Løvdahl å vente.
Publisert 06.12.2009 14:50.
- Skriv ut
Familien på tre var mellom i alt 19 personar som vart evakuerte då fleire store steinblokker dundra ned frå fjellsida på Hæreid på Årdalstangen natt til torsdag.
12-åringen Amalie og veslesystera Alexandra på fire låg og sov då raset kom.
- Les også: Amalie: - Eg skalv og var veldig redd
Det vart sett igang arbeid med å lage ein 100 meter lang, og to meter høg mellombels rasvoll. Då den var ferdig, fekk alle lov å flytte heim igjen.
Skeptiske

Denne store steinen dundra inn i terassen til familien.
Foto: Steinar Lote/NRKPappa Kai Are Løvdahl seier at han var skeptisk til å flytte heim så lenge han har jentene hos seg.
- Eg har ungane enno og så vil eg vente litt til før eg flyttar heim. Vi har sove hos nokon vi kjenner fram til i dag.
Han seier at dei andre evakuerte har flytta heim og at han sjølv flyttar tilbake måndag eller tysdag når jentene har reist.
- Er jentene redde?
- Dei har ikkje snakka så mykje om det, men dei har vel sine tankar.
Trur ikkje rasvoll stoppar alt
Han trur at rasvollen som no er sett opp ikkje vil stanse alt viss det kjem eit nytt ras.
- Den gjer sikkert til at raset ikkje kjem så langt ned, men eg trur ikkje den stoppar alt.
Han fortel at han ofte har tenkt at det kunne komme ras.
- Men det er ikkje slikt eg tenkjer på kvar dag. Det er mest om hausten når det er masse regn, og ikkje når det var slik som denne kvelden då det vart tør. Men eg får håpe og tru at det går bra å bu der framover.
Løvdahl veit enno ikkje kor tid oppryddinga på eigedommen hans startar.
- Eg reknar med at eg snart blir kontakta om det.
Sjå video frå arbeidet med bygginga av rasvollen.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten

Bilete frå steinraset på Årdalstangen
















Brann i Vassbygdtunnelen