26.05.2012

Fire års fengsel for 100 overgrep

Mannen er dømt for å ha hatt kring 100 samleie med den mindreårige stedottera over to og eit halvt år.

No har Sogn tingrett dømt mannen til fire års fengsel. Dette er eit halvt år kortare enn det aktor la ned påstand om.

I tillegg må han betale ei oppreising på 150 000 kroner til jenta.

Les meir: Stefar tiltalt for 100 overgrep

– Svikta som omsorgsperson

Jenta var tolv år gammal då overgepa starta.

Fornærma har forklart at det var ho som tok initiativ til samleia som stort sett skjedde medan mora var på jobb. Retten meiner at stefaren har svikta grovt som omsorgsperson og at han har misbrukt hennar tillit og umodne beundring av han.

Innrømmer eitt overgrep

– Det er dei vaksne sitt ansvar å setje klare grenser for born, og det er ingen formildande omstende at fornærma har tatt initiativ til seksuell kontakt, uttalar retten.

Retten festar ikkje lit til mannens forklaring om at det berre skal ha skjedd eitt overgrep. I retten forklarte mannen at han såg på fornærma som eit born han ikkje hadde nokon seksuelle kjensler for.