PVest har konsesjon på å drive lokalradio i kommunane i indre Sogn. Radiokanalen fekk det vanskleg i starten med store utgifter. No stiller revisorfirmaet spørmål ved vidare drift.
Overraska
Det overaskar dagleg leiar i radiokanalen, Tor Kåre Fardal. Han vedgår at det har vore store utgifter dei første driftsåra, men han meiner ein no har lagt eit grunnlag for å drive vidare.
Nye eigarar
Ved nyttår kom Sogn Avis inn på eigarsida då dei kjøpte over 50 % av aksjane i radiokanalen. Og styreformann i P Vest Tore Dvergsdal ser no lyst på framtida.
- Per i dag går radioen i pluss og har det bra. Dei nye eigarane har fått ned utgiftene, seier Dvergsdal.